Sist oppdatert: 15.12.2011
| Dette er Østfold Mållags heimesider. Østfold Mållag
organiserer alle som er interesserte i å
heve statusen for dialekten i Østfold - tradisjonelt ein av
lågstatus-dialektane i landet. Østfold Mållag arbeider også for å auke interessa for nynorsk skriftmål i Østfold, og ikkje minst fjerne fordommane mot nynorsk. Heimesida blir brukt for å halde kontakten mellom østfoldingar
som har lyst til å gå djupare i spørsmål
knytte til dialekt og norsk språk.
Møte og arrangement blir annonserte her, og vi har ei nyheitsteneste om språkspørsmål i Østfold. Det er mulig å
hente ned ein del publikasjonar, og vi har
også ei liste med lenker. |
* Følg Østfold Mållag på Twitter:
|
|
Nyheit:
For 6. gong har medlemmer og sympatisørar rundt Østfold Mållag
mobilisert krefter og er nå ute med årbok før jul. Boka dekker åra 2010
og 2011 og har artiklar om mange ulike emne – med språk som ein
fellesnemnar. Av
innhaldet:
Kjetil Aasen, som voks opp i
Fredrikstad og nå er konsulent i Språkrådet, skriv om ulike
tradisjonar i norsk målføregransking og spesielt om Reidar Myhres
Vokalismen i iddemålet.
Eldbjørg Skaug
frå Eidsberg skriv om innsamlinga av
dialektord til boka "Essbærliv" - og om roser. Gerard Doetjes som arbeider ved Fremmedspråksenteret i Halden, skriv om situasjonen for framandspråk i skolen, og også om kor lett det er å lære seg tysk.
Ragnhild Lier,
lektor ved Greåker vidaregåande skole,
skriv ein skarpstilt polemikk om at det ser ut til at engelsk skal
ta over for norsk i skoleverket.
|
Lyst til å bli medlem i Østfold Mållag? Vi har lokallag i
Indre Østfold, Fredrikstad og Sarpsborg, men det er sjølvsagt ikkje noe krav at du bur i desse områda for å bli med.
Medlemskontingenten er 240,- kr. i året, og du får da også sendt Norsk Tidend frå Noregs Mållag i Oslo.
Meld deg til Østfold Mållag, Bjørndalsvn. 47, 1609 Fredrikstad. Telefon og faks: 69 31 20 48. E-post-adresse: magne.aasbrenn@gmail.com