Velkomsthelsinga dei tilreisande fekk frå arrangøren

Målrørsla kjem til Plankebyen

Fredrikstad har aldri mangla målmenn, men dei har stått i rektangulære bur og blitt sparka ball på. I slutten av juli 1998 rykkjer målmenn og -kvinner av det andre slaget inn i byen ved Glomma-osen. Som symbol for arrangementet har vi valt Plankeberaren, statuen som står på det største torget i byen. Fredrikstad blei lenge kalla "Plankebyen" på grunn av alle sagbruka som låg her. Tømmer frå heile Austlandet blei fløtt ned Glomma-vassdraget, og attåt kvininga frå dampsager kunne ein høre dialekten til bøndene og fiskarane som flytta inn til den nye byen. Dei prata med rare l'ar og ein brote æ-lydar. Som svensken høgg dei "sten" og ikkje "stein". Arbeidsmannen på omslaget vårt får representere slitarane som den dag i dag blir møtte med at språket dei snakkar er "stygt", enda det dette verkeleg er, er enda ein variant av dei norske dialektane, med dei same seige røtene tusen år bakover i tida som resten av målføra.

Møtet vi samlast til denne sommaren, er eit stykke norsk språkhistorie. Aldri før har Noregs Mållag arrangert landsmøte i Østfold. Østfold har vore puslespelbrikka den norske målreisinga mista på golvet. Den første målrørsla i Østfold døydde ut før den første verdskrigen. Blomstringa i 1990-åra ser ut til å vere meir liv laga.

Østfold Mållag blei stifta i Askim i 1989. Mye av krafta i førsten fekk næring frå eit utspel av språkprofessor Finn-Erik Vinje som på spørsmål frå pressa meinte at den styggaste dialekten i fedrelandet var nettopp den som blei brukt i Nedre Glomma. Eit pionerarbeid kom i gang. Østfold Mållag stod for publisering av bøker, arrangerte møte – og frå 1994 melde nok medlemmer seg til at fylkesmållaget kunne delast inn i lokale mållag i Indre Østfold, Sarpsborg og Fredrikstad. Fredrikstad Mållag har 49 medlemmer ved siste teljing, og det betyr vekst. Det er aukande interesse i Moss og Halden, så ein får håpe at det snart blir eigne lag der òg. Dessutan blei eit målungdomslag i Østfold skipa i fjor.

Eigentleg er alt dette temmeleg utruleg. Det er ikkje å ta for hardt i å seie at mange i Østfold hatar nynorsk. Det siste dokumenterte nynorske bokbålet fann stad i Fredrikstad våren 1997.

For vår del har vi to mål med dette arrangementet:

Det første er at vi vil ha taleformene våre aksepterte i den norske dialektfamilien.

Det andre er at vi vil ha aksept blant østfoldingar for at også i dette fylket er det legitimt for dialektbrukarar og andre å velje nynorsk som skriftspråk.

Vi ønskjer oss eit årsmøte som fører til vitale utspel og konkrete tiltak for verkeleg jamstelling mellom dei to norske skriftspråka i alle norske fylke.

Og hugs: kløyving av tømmerstokkar skapte Fredrikstad. Ordkløyveri er ikkje fullt så produktivt.

Juni 1998
Magne Aasbrenn

Leiar Fredrikstad Mållag



*TIL ØSTFOLD MÅLLAGS HOVUDSIDE *TIL HOVUDSIDA FOR LANDSMØTET 1998.