HJELPEBOK I NYNORSK FOR ØSTFOLDINGAR

Av Magne Aasbrenn

Gitt ut av Hvitveis forlag i 1990.

Alle skoleelevar i Østfold må lære å skrive nynorsk, men dei ser ofte på det som eit ork. Folk tenker på nynorsk som eit fremmendspråk - eit underlig "maul" som vestlendingane og NRK kunne ha hatt for seg sjølv.

I denne vesle repetisjonsboka blir nynorsk behandla på ein annen måte. Fordi nynorsken er ei felles-norm for alle norske dialektar, er det òg mye i Østfold-dialektane som kan vera til nytte når ein skal skrive nynorsk stil. Denne boka har som siktemål å gjøra det lettare for østfoldingar å skrive nynorsk. I tillegg kan ho kanskje hjelpe til med å skape meir respekt for det regelmessige, fine språksystemet som er dialekt-arven vår frå 1000 år tilbake, men som i dag blir stempla som "stygg" og "mindreverdig" av mange.

FORORD

Denne vesle boka er skrivi for ungdomsskoleelevar, gymnasiastar og lærarhøgskolestudentar i Østfold med bokmål som hovudmål. Ho er delt i to delar - ein grammatikk-del som samanliknar nynorsk grammatikk med grammatikken i dialektane i Østfold og ei ordliste som er rask å slå opp i, og som har med dei fleste av dei orda Østfold- elevar stadig må sjekke når dei skriver nynorsk.

Dette er altså ikkje meint som noen fullstendig grammatikk og heller sjølvsagt ikkje som ei erstatning for Helleviks ordliste. Eg håpar at boka kan hjelpe til med å dempe frustrasjonane og fordommane østfoldingar flest strir med når det gjelder nynorsk, og at dette kan bli eit bidrag til å auke respekten her i fylket både for dei lokale dialektane og for det andre, offisielle norske språket. Dette må vera positive siktemål, sjølv for dei som meiner at tvungen sidemålstil ikkje er den beste pedagogiske framgangsmåten viss ein vil skape språkglede hos gymnasiastar.

Språkforma eg brukar i dette heftet er nynorsk skrivi så nær Østfold-talemålet som det er tillatt innafor rettskrivinga. Eg går bevisst ut over læreboknormalen her, fordi eg ser det som viktig at myten om at nynorsken er "fremmend" for østfoldingar blir broti ned.

M.Aa.

Språksystemet i nynorsk og i Østfold-dialektane

Skoleelevar i Østfold seier ofte at dei ikkje likar nynorsk. Det er lett å tenke at denne typen norsk ikkje har noe med oss her nede å gjøra - at nynorsk er for vestlendingar og ikkje for østfoldingar.

Det er noe tragisk i dette. I si tid blei jo nynorsken laga for at han skulle gjøra det lettare for vanlige folk ( som f.eks. skoleelevar) å skrive, ikkje vanskeligare! Ivar Aasen ville ha slutt på at folk blei pressa til å skrive på ein unaturlig måte, og derfor laga han eit språk som skulle vera ein felles-norm for dialektane i landet.

Sjølv om det er ein del former i nynorsken som verkar fremmende for oss (f.eks. "eg" og bruken av diftongar) så er det trass i alt mye i Østfold-dialekten som vi kan bruke som grunnlag når vi skriver. Det har òg blitt opna for sideformer (klammeformer) i nynorsk som har meir til felles med dialekten vår enn formene i tradisjonell nynorsk. Ordliste- delen i dette heftet gir mange eksempel på slike former.

Eg synes ein bør legge vekt på to ting når ein jobbar med nynorsk:

1) At ein er stolt av dei faglige kunnskapane sine. Når ein tar ei vidaregåande utdanning i norsk språk, så kan ein etter kvart tillate seg å vera stolt av å kunne litt meir om dette språket enn andre. Vi har to offisielle skriftspråk i dette landet, og det bør da vera ein viss status knytta til det å kunne skrive begge dei norske språka òg, ikkje bare til å skrive engelsk, fransk, "HTML-koding" eller "Pascal"!

2) At ein blir stolt av sin eigen dialektbakgrunn. Nynorsk er, som nemnt, ein felles- norm for norske dialektar, og dersom ein brukar dialektkunnskapane ein har "i øret" frå før og samanliknar desse med nynorsk-normalen, så vil ein kanskje oppdage at det som ein har sett på som "stygt" og unyttig i eigen dialekt er verdt noe når ein skriver nynorsk. Ein kan bli meir klar over korleis folk brukar norsk språk på ein ledig og levande måte når dei snakkar - og på dette viset kan arbeidet med nynorsk føre til at ein skriver betre bokmål òg.

EIN LITEN NYNORSK GRAMMATIKK FOR ØSTFOLDINGAR

Dette korte oversynet over formverket i nynorsken samanlikna med formverket i Østfold- dialektane viser at her er det mange fellestrekk. Eit problem her er sjølvsagt at "Østfold- dialekt" jo ikkje er det same f.eks. i dei indre delane av fylket og langs munningen av Glomma. Ordval og diftongbruk kan f.eks. vera veldig forskjellig. Når det gjelder variasjonar i målføra har eg vori nøydd til å forenkle mye for å gjøra dette til det korte oversynet det er meint å vera. Hovudtrekka er med, det er alt. I tillegg har eg ikkje behandla skilnadene mellom dialektbruken hos eldre og yngre østfoldingar og mellom forskjellige sosiale grupper.

Forkortingane eg brukar er:
NN = nynorsk ØD = Østfold - dialekt BM = bokmål

Substantiva

1. HANKJØNNSORD

HOVUDREGEL:

NN: ein kopp - koppen - koppar - koppane
ØD: en kopp - koppen - koppær - koppane/æne

Når vi bøyer hankjønnsord kan vi altså skrive som vi snakkar - bare vi hugsar på at der vi har -ær i endinga, har nynorsk -ar.

UNNATAK:

a) NN: ein bunad - bunaden - bunader - bunadene

Hankjønnsord som endar på -nad får -er i fleirtal på nynorsk. Østfoldingane vekslar i kva vi seier her, du hører både søknader og søknadær, kostnader og kostnadær.

b) NN: ein sofa - sofaen - sofaer - sofaene Fremmendord som endar med -a får -er og -ene i fleirtal. Her brukar dei fleste østfoldingar - ær og -ane.

c) NN: ein fot - foten - føter - føtene ØD: en fot - foten - føtter - føttene Hankjønnsord med omlyd (vokalforandring) i fleirtal får endingane -er og -ene både på nynorsk og i Østfold-dialektane.

HUGS: ein annonse, ein støyt, ein augneblink, ein kross, + ord som endar på -skap

Desse orda er hankjønn på nynorsk.

2. HOKJØNNSORD

HOVUDREGEL:

NN: ei dør - døra - dører - dørene
ØD: e dør - døra - dører - dørene

Dei fleste hokjønnsorda får -er og -ene i fleirtal både i nynorsk og i Østfold- dialektane. Dette er heilt regelmessig!

UNNATAK:

NN:
ei kjerring - kjerringa - kjerringar - kjerringane
ØD: e kjerring - kjerringa - kjerringær - kjerringane

Østfold-dialektane følgjer altså òg nynorsken når det gjelder unnataket for fleirtalsbøying av hokjønnsord på -ing.

HUGS: Ord på -esse er ofte hokjønnsord på nynorsk og i Østfold- dialektane: ei adresse.

3. INKJEKJØNNSORD

HOVUDREGEL:

NN: eit hus - huset - (fleire) hus - (alle) husa
ØD et hus - huset - (flere) hus - (alle) husa

Altså er bøyinga stort sett heilt lik, men med noen viktige unnatak for ord som endar på trykklett -e , som for eksempel menneskene og eplene i dialekten.

HUGS: auge, hjarte [hjerte], og øyre [øre], kan gjerne bøyas etter dette mønsteret.

Adjektiva

Ubunden form: NN: ein dum kall - ei klok jente - eit nytt spørsmål - nye plater
ØD: en dum kæll - e klok jente - et nytt spørsmål - nye plater

Bunden form: NN: den dumme kallen - den kloke jenta - det nye spørsmålet - dei nye platene
ØD: den dumme kællen - den kloke jenta - det nye spørsmålet - døm nye platene

HOVUDREGEL: Både i ubunden og bunden form er adjektivbøyinga som oftast lik i nynorsk og Østfold- dialektane.

UNNATAK: a)
NN: ein galen gut - ei galen jente - eit gali/gale zgalentx svar - galne svar
ØD: en gæærn gutt - e gæærn jente - et gæli/gæærnt svar - gærne svar Slik bøyer ein adjektiva på -en.

b)Liten og eigen har ei spesiell bøying:

NN: ein liten dram - ei lita dame - eit lite minutt - små båtar
ØD: en litten dram - e litta dame - et litte minutt - små båtær

NN: min eigen bil - mi eiga kone - mitt eige hus - mine eigne båtar
ØD: min egen bil - mi egen kone - mitt eget hus - mine egne båtær

Merk at dialekt-bøyinga er forskjellig når det gjelder eigen.

Det er valfritt for skoleelevar å la adjektiva ende på - lig som i dialekten: NN+ØD: van[lig], tru[lig], utrive[lig] osv.

Gradbøying av adjektiv:
NN: fin - finare - finast
ØD: fin - finære - finast

Som ved fleirtalsbøyinga av hankjønnsorda ser vi her at "a" i endingar på nynorsk svarer til "æ" i dialekten. Men det fins ein god del uregelrette adjektiv på nynorsk - bruk ordlista!

Pronomena

1. PERSONLIGE PRONOMEN

EINTAL:

NN: eg du han, ho, det
ØD: jæ du han, ho, det

NN: meg deg han, ho, det
ØD: meg deg 'n, ho, det

NN: hans, hennes (hennar)
ØD: hannes, hennes

FLEIRTAL:

Subjektform NN: vi de dei
ØD: vi de, dere døm

Objektform
NN: oss dykk dei
ØD: oss dere,dår døm

Eigeform: NN: dykkar deira
ØD: deres,dårs dømmes

I både dialekt og nynorsk blir òg pronomena nytta for å vise til ting:

NN: Ikkje ta sykkelen, han er min.
ØD: Ikke/ente ta sykkelen, han er min.

NN: Ikkje ta den lua, ho er mi.
ØD: Ikke/ente ta den lua, ho er mi.

2. EIGEDOMSPRONOMEN

Ein brukar dei same eigedomspronomena på nynorsk som i Østfold- dialektane (og på bokmål):

NN+ØD: Ho henta boka si.
Er laget vårt tatt ut til turneringa?

Mange stilskrivarar blir høgtidelige som stortingsrepresentantar når dei skriver bokmålsstil og seier min bok eller vårt lag sjølv om det ikkje ville falle dei inn å bruke orda i denne rekkefølgja når dei snakkar. På nynorsk er det sjølvsagt den munnlige tonen som gjelder.

3. SPØRJANDE PRONOMEN

er annleis på nynorsk: kven, kva, kvifor, korleis, kor, kvar, kva (ØD: åssen = NN: hossen )

4. PEIKANDE PRONOMEN

NN: denne dette desse
ØD: denna detta dissa

NN: den det dei
ØD: den det døm

5. DET RELATIVE PRONOMENET

er som både på dialekt og på nynorsk. Legg merke til at på nynorsk skriver ein Øya der vi er på ferie og ikkje Øya hvor vi er på ferie som mange gjør på bokmål. Her er nynorsken som dialekten.

7.UBUNDNE PRONOMEN

NN: annan,annen anna anna andre
ØD: annen annen annet andre

NN: ingen inga inkje ingen
ØD: ingen ingen ikke noe ingen

NN: nokonznoenx noka[noen] noko [noe] nokre [noen]
ØD: noen noen noe noen

Det er altså i orden å bruke noe osv. for skoleelevar.

Adverba

Merk deg bøyinga av noen spesielt vanskelige adverb:

god - betre - best
mykje [mye] - meir - mest
vondt - verre - verst
fram - fremre - fremst

Konjunksjonane

Desse konjunksjonane kan du fritt bruke på nynorsk: og, både - og, eller, verken - eller, men, for.

Enten på dialekt og bokmål blir anten på nynorsk.

På nynorsk er det like korrekt å skrive mens som medan, sia som sidan og fordi som av di.

Dersom og viss kan du bruke i staden for bokmål hvis zvissx.

Preposisjonane

Dei fleste preposisjonane i dialekten kan brukas i nynorsk, hugs likevel at på nynorsk heiter det frå og utan. Føre brukas som i dialekten: Han kom føre meg til hytta.

Verba

Du kan bruke infinitiv-endinga -e som på bokmål (det lettaste og sikraste) eller kløyvd infinitiv som i dei nordre delane av Østfold: å bruke, å gjøra osv. Sjå oversyn hos Hellevik etter hovud- ordlista. Den kløyved infinitiven (som følgjer det eldgamle norrøne systemet med lang og kort rotstaving) er i ferd med å dø ut i vår tid. Det er opp til brukarane om han skal reddas.

SVAKE VERB

Det er tre klasser av desse verba:

1) a-verb

NN: å kaste - kastar - kasta - har kasta
ØD: å kaste - kastær - kasta - har kasta

På nytt ser vi altså at -ar-endinga i nynorsk svarar til -ær i dialekten.

2) e-verb

Dette er "merkelappen" på verb som på nynorsk får -te eller -de i preteritum og dermed -er i presens.

a) NN: å leva - lever - levde - har levd (levt)
ØD: å leva - lever - levde - har levd

Regelen både på nynorsk og på dialekt er -de i preteritum etter d, g og v.

b) NN: å rømme - rømmer - rømde [rømte] - har rømt
ØD: å rømme - rømmer - rømte - har rømt

Regelen på nynorsk er -de [-te] i preteritum etter m, ld, nd og ng.

c) NN: å lære - lærer - lærte - har lært
ØD: å lære - lærer - lærte - har lært

Regelen på nynorsk er -te i preteritum etter fy, pus klorte.

d) NN: å tene - tener - tente - har tent
å kjenne - kjenner - kjende [kjente] - har kjent

Ein regel ein kan arbeide etter, er at -te og -t er tillatt i preteritum og perfektum på nynorsk etter n.

* Samandrag av desse reglane: innafor den nynorske rettskrivinga kan du ha -te (preteritum) og - t (perfektum) etter alle konsonantar, bortsett frå d, g og v.

e) NN: å tru - trur - trudde - trudd

Dei fleste svake verba som endar på vokal, får -r (presens), -dde (preteritum) og -dd (perfektum).

3) TELJE-KLASSA

Dei fleste av verba i denne klassa endar på -je i infinitiv. Dette er mye brukte ord, med uregelrett bøying, så desse må ein lære seg:

NN: å telje - eg tel - eg talde - eg har talt
å selje - eg sel - eg selde - eg har selt
å spørje - eg spør - eg spurde - eg har spurt
å leggje zleggex - eg legg - eg la - eg har lagt
å symje - eg sym - eg sumde - eg har sumt
å setje - eg set - eg sette - eg har sett

Eige hører til i denne klassa sjølv om ordet ikkje har -je i infinitiv: å eige - eg eig - eg åtte [eigde] - eg har ått [eigd]

Seie og teie er dei einaste verba i denne klassa som får -er i presens. å seie - eg seier - eg sa - eg har sagt
å teie - eg teier - eg tagde - eg har tagt

Hjelpeverb

Merk denne bøyinga av dei viktigaste hjelpeverba: NN: å vera - eg er - eg var- eg har vori (vore)
å ha - eg har - eg hadde - eg har hatt
å bli - eg blir - eg blei - eg har blitt

Å verte kan brukas i staden for å bli, men ofte blir det gali når østfoldingar blandar desse orda. Brukar du bli $ blir $ blei $ blitt er du på den sikre sida.

Sterke verb

Dei sterke verba har vokalskifte og kort form i preteritum. I presens har tradisjonell nynorsk inga ending på sterke verb. Innafor rettskrivinga er likevel -er-presens tillatt (som i Østfold-dialekten og på bokmål). Det er opp til deg kva du gjør her, men du må vera konsekvent.

Eit godt råd er å bruke ordlista flittig når det gjelder sterke verb. Ver merksam på at folk særlig i dei ytre delane av fylket vårt lett glømmer å skrive diftong i preteritumsformene (dei skriver røk i staden for rauk).

Tradisjonelt blir sterke verb delt inn i klasser etter vokalskiftesystemet dei har frå gammalnorsk. Her er ei samanlikning av nynorsk og dialekt med eit eksempel frå dei tre første klassene:

1. klasse:

NN: å bite - bit[er] - beit - har biti
ØD: å bite - biter - bet/beit - har beti

2. klasse:

NN: å krype - kryp[er] - kraup - har kropi
ØD: å krype - kryper - krøp - har krøpi

3. klasse:

NN: å sprekke - sprekk[er] - sprakk - har sprokki
ØD: å sprekke - sprekker - sprakk - har sprokki

Hugs at verba hjelpe, treffe og tvinge har svak bøying på nynorsk.

Refleksiv-former

Desse verba endar på -st i tradisjonell nynorsk. Innafor rettskrivinga kan desse verba også ende på -s.

NN : Vi må prøve å møtas snart.
Det er ikkje lett å trivas i Oslo.

PRESENS PARTISIPP

endar på -ande på nynorsk. I Østfold-dialektane henger vi ofte på ein -s her.

NN: Dei kom syklande nedover bakken.
ØD: Døm kom syklandes nerover bakken.

BØYING AV PERFEKTUM PARTISIPP

Etter innstilling frå Norsk språkråd vedtok Kyrkje- og undervisningsdepartementet i 1981 at det skulle vera mulig åbruke ubøygde former av perfektum partisipp av både sterke og svake verb etter vera, verte og bli. Dette hjelper oss frå Østfold når vi skal skrive nynorsk. Desse bøyingsformene er nå tillatt innafor den nynorske rettskrivingsnormalen:

STERKE VERB:

Hankjønn/hokjønn:

Artikkelen/boka blei [skrivi].
Mannen/kona er [opptatt].
Kampen/premiereisa er zvunnix.

Inkjekjønn:

Stykket blei skrivi.
Rommet er [opptatt].
Slaget er vunni.

Fleirtal:

Bøkene er [skrivi].
Romma er [opptatt].
Kampane er [vunni].

Svake verb på -a:

Hankjønn/hokjønn:

Artikkelen/boka blei forandra.

Inkjekjønn: Huset blei forandra.

Fleirtal: Husa blei forandra.

Fleirtal:

Bøkene blei forandra.

Svake verb på -de:

Hankjønn/hokjønn:

Artikkelen/boka er [ukjent].
Mannen/kona er [dømt].

Inkjekjønn Huset er ukjent.
Regimentet er dømt.

Fleirtal:

Namna er [ukjent].
Jentene er [dømt].

Svake verb på -te:

Hankjønn/hokjønn:

Kampen/premiereisa er tapt.
Knuten/vennskapsbanda er knytt.

Inkjekjønn:

Slaget er tapt.
Landet er knytt til NATO.

Fleirtal:

Slaga er [tapt].
Landa er [knytt] til NATO.

NÅR PARTISIPPA STÅR FORAN SUBSTANTIVET (ATTRIBUTIV STILLING)

Sterke verb:

Hankjønn/hokjønn: ein bortkommen mann, ei bortkommen kone ein overdriven suksess, ei overdriven krise

Inkjekjønn: eit bortkomm[ent] barn eit overdrivi utspel

Fleirtal:

bortkomne menn, bortkomne jenter
overdrivne suksessar

Svake verb:

Hankjønn/hokjønn:

ein utkasta leigebuar, ei utkasta jente ein zkjentx mann, ei [kjent] dame ein frustrert mann, ei frustrert dame

Inkjekjønn: eit utkasta barn eit kjent eksempel eit frustrert barn

Fleirtal

dei utkasta barna dei [kjente] eksempla dei frustrerte barna

DIFTONGAR - EIT SPESIELT PROBLEM

Vi bur i eit av monoftongerings-distrikta i landet, og dette fører til spesielle problem når vi skriver nynorsk. I veldig mange høve seier vi "e" i staden for "ei". ØD: ben, ren, sen. Andre gonger seier vi "ø" i staden for "øy" og "au": ØD: røk, drøm.

Spesielt i dei ytre delane av fylket er slik monoftongering vanlig, og her må ein altså passe på!

LITT OM SPRÅKFØRING:

Når du skriver, er det viktig heile tida å ha i mente: Er dette naturlig uttrykksmåte? Snakkar folk sånn, eller lagar eg nå kronglete og kunstige setningar som hermar etter det dansk- norske bokmålet eg har lesi i blad og bøker?

Østfoldingar som snakkar brukar:

*Aktiv uttrykksmåte (Læraren seier "Du kan lesa lekser i midttimen", ikkje "Lekser lesas i midttimen.")

* Verb heller enn substantiv (Ikkje "til utarbeidelsen av stilen anbefalas bruk av leksikon", men "Når du skriver stilen, bør du bruke leksikon."

* Som regel ikkje genitiv -s. (Vi seier ikkje "elevanes meldingsbøker", men "meldingsbøkene til elevane".)

Hovudregel: Bruk bare passiv uttrykksmåte, substantiviske uttrykk og -s-genitiv der du ville ha brukt det når du snakkar med ein venn av deg.

Den nynorske skriftnormalen har nå i prinsippet godkjent forstavingane an- og be-. Bruk same regelen her - skriv ord med an- og be- viss det er naturlig for deg å bruke desse orda når du snakkar. Men kanskje du ville ha sagt heile setninga annleis til en kamerat? (Du seier ikkje: "Har du noen begrunnelse for...", du seier "Har du noen grunn til...")

Hugs likevel at ikkje alle talemålsuttrykk passar i ein stil. Unngå slang-uttrykk som "klapre med brødsaksa" (altså snakke) og liknande

(Copyright Hvitveis forlag ans)