Landsmøtet i Noregs Mållag 1998 - Kulturkvelden

Kulturkvelden fredag 24. juli hadde eit program som spende over eit breitt spekter.

Førstemann på scenen varplankeberaren som på Nedre-Glomma-mål song Nabbetorpvisa. Ein veit ikkje kven som skreiv denne visa frå bydelen Nabbetorp på Østsida, men tidspunktet må ha vore etter at kronprins Olav opna Fredrikstadbrua i 1957.

Om han var aldri så mye prest og salmediktar, så ville nok ein mann som Anders Hovden sett pris på humoren i "Nabbetorpvisa". Hovdens tilknyting til Nedre Glomma er av nyare dato, i og med at Hovden-fondet blir leia frå byen vår, ved barnebarnet Arne Hovden, som er busett her. Terje Refsnes (song ) og Arne Hesjadalen (piano) framførte nokre av Hovdens vakre salmar, og Kari Hovden fortalde frå Hovdens liv.

Ikkje langt frå salen der kulturkvelden vart halden, ligg "Den Gule Anstalt" eller "Fredrikstad Høyere Almenskole", der Jakob Sande arbeidde som lektor. Nokre av Sandes kjende songar måtte sjølvsagt vere med, og Ragnhild Løken las ei Sande-novelle som går føre seg i Fredrikstad, "Guten og hesten".

Musikk blei det mest av på kulturkvelden. Gitar-professoren Sven Lundestad vil spelte utvalde tonar på instrumentet sitt. Dessutan song den flotte sopranen Birgit Gudim nokre songar som er tonesette av Fredrikstad-komponisten Margrete Werge Olsen. Dikta er skrivne av diktaren Olav Rui frå Telemark.

Konferansieren som heldt kulturkvelden saman, varr forfattaren Øyvind Bremer Karlsen frå Askim. Han er ein av pionerane i Østfold Mållag, har skrive både dikt og romanar og ei bok om viking-motiv på norske frimerke. Forleggjar er han også, og den siste utgivinga til Elva Forlag er ei samling eventyr og segner frå stroka rundt Oslofjorden. Rart, men sant: etter arrangementet er det berre å slå fast at Phønix selskapslokale – byborgarskapens gamle salong - tolte så mye landsmål og dialekt på ein kveld. ---

Og etterpå vardet nattsete same stad. Hans P. Bøckmann spelte opp til dans i eit lokale med alle skjenkjerettar og ertesuppe å få kjøpt. Dette var moro!

Pianisten Arne Hesjadalen.


*TIL ØSTFOLD MÅLLAGS HOVUDSIDE *TIL HOVUDSIDA FOR LANDSMØTET 1998.