Tilbakeblikk på landsmøtet i Noregs Mållag 1998

* Noko av det som skjedde i samband med landsmøtet * Kulturkvelden og andre tilskipingar * Landsmøtearrangøren

Noregs Mållags landsmøte 1998 blei arrangert i Fredrikstad 23. - 26.juli 1998. Dette var ein målpolitisk sensasjon som la eit stort ansvar på dialekt- og målrørsla i Østfold. Samtidig var det ein siger for målarbeidet i Østfold dei siste snaue ti åra.

Landsmøtet førte til at ca 4-500 tilreisande kom til byen over ein periode på 4-5 dagar. Møtet blei halde den siste helga i juli, med start på torsdagen og avsluttande gudsteneste på søndagen.

Landsmøta i Noregs Mållag er kulturelle storhendingar som ikkje berre fører med seg stor møteverksemd, men også andre arrangement. Arrangøren Fredrikstad Mållag gjekk inn for ein allsidig kulturkveld i finkulturens gamle høgborg Phønix Selskapslokale, og same stad var det nattsete. Fleire utflukter blei også arrangerte, og Alfa-Beta bokhandel var utnemnd til landsmøtebokhandel.

Det var landsmøtegudsteneste med nynorsk liturgi i Fredrikstad Domkirke på den avsluttande søndagen. Landsmøtet fekk mye medie-omtale og bidrog til at Fredrikstad og Østfold blei gjort betre kjent i andre delar av landet.


Mållagsmedlemmene lærte litt av kvart om Fredrikstad i juli 1998.