Omfattande bok om målføra i Østfold

MÅL I ØSTFOLD

Av Kristian Strømshaug (Medredaktørar: Arve Borg og Joleik Øverby)

Norske studiar VIII Utgjevne av avdeling for målføregransking Universitetet i Oslo Novus forlag 1995

Denne boka fortel om dialektane i Østfold gjennom dei siste hundreåra.

Framstillinga byggjer på tilfang frå kjende folk som J.N. Wilse, Ivar Aasen, Hans Ross, Oluf Rygh og mange andre granskarar heilt fram til vår tid.

Mykje av materialet frå 1900-talet ligg i Avdeling for målføregransing (Målførearkivet) ved Universitetet i Oslo. I tillegg har forfattaren sjølv samla store mengder tradisjonsstoff, eit materiale som han har fått direkte frå folk som levde i og var ein del av den rike kulturarven. Boka inneheld mange teikningar og dialektkart.

Joleik Øverby skriv om ordboksdelen, om hovudinndelinga av norske målføre og om jamvektsregelen og jamning.

Arve Borg skriv om ordsamlinga etter J.N. Wilse og om lydskrift.

I den siste delen av boka er det eit utval av ord og målførekart som syner dei skiftande nynorske talemålsformene innan Østfold, og dei nynorske og gammalnorske skriftformene av desse orda.