Tilbake til framsida
 

Bli med på tur til Spydeberg Prestegard og Nes Lenseteater

Østfold Mållag og Skolebibliotekarforeningen i Østfold inviterer sine medlemmer til Spydeberg prestegård i Spydeberg søndag 2. september kl 13.00 - 15.30. Tema for dagen er «Prestegarden sin plass i historia» med fokus på presten Jacob Nicolai Wilse, som var ei leiande kulturkraft i kampen for eit norsk universitet. Statsrådet på preste-garden 8. - 9. august 1814 var opptakt til Mossekonvensjonen 14.august 1814.

Vi får føredrag om temaet og omvisning i prestegardhagen, som no er under historierett rekonstruksjon
til den hagen Wilse laga. Wilse brevveksla med Carl von Linné. Skolebibliotekarforeningen byr på
servering.

Pris for føredrag og omvisning er kr 100,- pp.

Etter prestegarden innbyr Indre Østfold Mållag alle saman til ein båttur på Glomma og så etterpå til fore-stilling på Nes lensemuseum sitt teater. Nes lensemuseum ligg i Skiptvet, ein kort køyretur frå Spydebergprestegard. Lensemuseet er ope frå kl 17.00 foromvising i husa, dei har ei unik kunstutstilling, og sist selde dei gjeddekaker og anna mat, au.

Oddmund Herstad tilbyr båttur på Glomma med den ombygde dampbåten «Sothøna». Da er vi i Aasens kjølvatn opp mot Grønnsund, der han gjekk i land og blei i tre veker. I stille vêr kan vi gå til den gamle baglarborgen Valdisholm midt i elva.
Vi må be om påmelding til båtturen. Oddmund plar aldri ta meir enn 50 kr.

Kl 18.30 er det friluftsteater, forestillinga heiter «Den som ikke er ropt opp, kan gå hjem». Kristin Lyhmann og Nes lenseteater har laga eit nytt skodespel om lenselivet. Frå Nes kan de køyre strake vegen via Trøsken til Tune kirke, den leia vi i Indre vonar å få ny motorveg.

Indre Østfold Mållag har reservert 35 billettar, som de hentar og betaler i kiosken når de kjem. Billettpris 200 kr for vaksen, 100 for born.

Påmelding for alt dette sender de anten til:
Aslaug Haugan, mailadr. aslahaug@online.no
Mobil nr. 926 22 909
eller

Eldbjørg Skaug, mailadr.:
eldbjoerg.skaug@gmail.com

Mobil nr. 909 65 774

Frist for påmelding til teatret (kr. 200,-/100,-) er 1. juli. Frist for prestegarden (100,-) og båtturen (50,-) er 28. august. Ver venleg å seie klårt frå kva de ønsker å vere med på.

God sommar og på gjensyn 2. september!

Helsing frå Østfold Mållag, Skolebibliotekarforeningen og Indre Østfold Mållag