Last ned Opera, frå denne lenka kan du laste ned og prøve den nynorske Internett-lesaren Opera.

Gratis kan du nå prøve eit nynorsk alternativ til Netscape og Internet Explorer

Oslo-selskapet Opera Software har nå lagt ut Opera-versjonen 3.1 både på nynorsk og bokmål. Programmet er ein "web browser"/"web-lesar"/ "klientprogram" som rett og slett tar opp konkurransen med gigantane Netscape og Microsoft Internet Explorer. Underteikna har prøvd Opera i noen veker, og det er eit kjekt program med mange hendige finessar. I tillegg er det artig å ha eit nynorsk utgangspunkt for surfinga rundt i verda.

Programmet har norske menyar og dialogboksar, og dokumentasjonen og hjelpesidene er på norsk, noe som kan gjøre det lettare både for skoleelevar og andre som ikkje er så stive i engelsk. Brukaren kan gjøre det meste utan å bruke musa, tastaturgrensesnittet som Opera er kjent for gjør det mulig å hoppe mellom lenkene med tastetrykk og vise fleire vindauge samtidig.

Sjølve utsjånaden er ikkje så glætt som hos dei amerikanske gigantane, men det er eit traust, lite program som i tillegg tar lite plass og også kan kjørast på 386-maskinar.

Du kan laste ned programmet og prøve det gratis i ein månads tid. Etterpå kostar det 246 kr. for sal til privatpersonar, og det er kanskje viktig å støtte dette firmaet som faktisk gir nynorsk språkdrakt til ein vesentlig funksjon på nettet.

M.Aa.