Velkommen til Halden - til ein dag med herregardsliv og krigsballadar


 

Søndag 29. mai 2011 kl. 12.00 blir alle medlemmer og deira venner, familie og kjende inviterte til
ei kulturell utflukt til Halden. Vi skal få omvising på Rød Herregård og høre foredrag med musikalske
innslag av Tone Holte om østfoldsongar om krig og ufred gjennom tidene.
  
Samlinga begynner i kafeen på herregarden kl. 12.00, med litt småprat og noko å bite i.
Arrangementet skjer i samarbeid med Skolebibliotekarforeininga i Østfold, så frå det laget er det
òg mange hyggelege menneske å bli kjent med. Frå kl. 13.00 vandrar vi rundt i den staselege bygningen
med guide frå Halden Museum. Etter omvisinga samlast vi i hagen og får eit friluftsforedrag
av Tone Holte om tradisjonssongane i heftet "Ufred" som Østfold musikkråd nyss har gitt ut.
  
Alle songane i heftet handlar om krig eller ufred på ein eller annan måte, og alle har med
Østfold å gjere. Samtidig er dei svært ulike - med eit spenn frå mellomalderballadar, til krigssalmar
og galgenhumoristiske viser om dårleg mat i det okkuperte Noreg under den andre verdskrigen.
Alle må ha med stol/sitteunderlag til foredraget i parken. Vi satsar på like fint vêr som på arrangementet
med Tore Skeie på Isegran i fjor. Om det likevel skulle bli regnvêr, så har Vegard
Sætervadet i Halden Mållag sikra tørt lokale til Tones foredrag i Frivillighetssentralen i byen.

Vi set stor pris på at du melder frå at du kjem, per epost/sms til Aslaug Haugan
(aslahaug(a)online.no /92622909) eller Magne Aasbrenn (magne.aasbrenn(a)gmail.
com/97970065)
Vi tar kr. 100,- per pers for vaksne, mens ungane blir med gratis!