Tilbake til framsida
Hallingdølane inntek Østfold!


 

Onsdag 9. november kl. 18.00 blir alle medlemmer av Østfold Mållag inviterte til ein kveld i
Fredrikstad der Hallingdalen står i fokus.Hovudattraksjonen blir ein konsert på Blå Grotte med trubaduren
Stein Thorleif Bjella - ein mann som har hausta mange lovord for dei siste CD-ane sine "Heidersmenn"
 og "Vonde visu". Bjella syng viserock om det moderne livet på bygdene. Vemod og ironi hand i hand. Vakkert!

Før konserten har vi fått redaktøren for den største nynorskavisa på Austlandet til å komme og
fortelje oss om korleis det er å halde eit slikt prosjekt blømande. Bjarne Tormodsgard har halde i
taumane for Hallingdølen i ei årrekke og styrer arbeidet med å lage ei avis som har hausta mange
lovord. Blant anna blei ho kåra til "Årets lokalavis" i 2008.

Kvelden blir arrangert slik:

18.00: Vi møtest på 11'ern på Aktivitetshuset St.Croix og hører Bjarne Tormodsgard fortelje om livet
i ei nynorsk lokalavis i ei tid med digitalisering og mange andre utfordringar.

... etter foredraget forflyttar vi oss til Blå Grotte, der følgjande skjer:

20.00: Konsert med Stein Thorleif Bjella.

Østfold Mållag har reservert 30 billettar a kr. 150,- til konserten.
25. oktober må vi seie ifrå kor mange av desse billettane vi vil ha.

Dei som vil bli med, må altså gi melding seinast måndag 24. oktober,
til Magne Aasbrenn (magne.aasbrenn@gmail.com/tel. 97970065)

Foredraget med Bjarne er gratis.

Her gjeld det å vere frampå, fleire av billettane er allereie bort-tinga. VEL MØTT!