Tilbake til framsida
 

Østfoldmålprisen til Øistein Kristiansen

Styret i Østfold Mållag har bestemt at Østfoldmålprisen 2012 skal gå til Øistein Kristiansen som honnør fordi han bruker Østfold-dialekta på ein utvungen, liketil og naturleg måte i Barne-TV-programma sine. Trass i at han har utvikla eit stort internasjonalt og nasjonalt publikum, nektar han å gjere kompromiss med den språklege bakgrunnen sin – og den lokale språk-fargen frå Nedre Glomma gjer at han blir ein ekstra truverdig og inspirerande teiknelærar for både unge og vaksne TV-tittarar.

   I programma med ”Øisteins blyant” snakkar han dialekt utan å vere flau og utan å gjere det til eit revynummer. I dette følger han opp språktonen frå NRKs serie frå midten av 2000-talet, ”Gjengen på taket”, og bidrar til at dei vikværske målføra får sin rettmessige status som ein likeverdig variant i den norske dialektfamilien – på linje med f.eks. trønderdialekt, stavangerdialekt og bergensk. 

 

Fra år 2000 har Øistein Kristiansen laga TV-show for barn, med program som har blitt sendt på kanalar i Asia med 330 millionar potensielle sjåarar. Jula 2007 begynte NRK å sende serien ”Øisteins blyant”, og den har bidratt til teikneglede hos norske barn heile tida etter det, ikkje minst som julespesialen ”Øisteins juleblyant”. Kristiansen er nå medeigar i  firmaet Earththree som frå kontoret i Fredrikstad sel TV-program til meir enn 50 land. Med den klare, fargerike teiknestilen sin lar han figuren ”Lille Øistein” gå igjen i stadig fleire produkt – sist i ei nyprodusert teikneseriestripe. I alt dette brukar han språktonen frå Nedre Glomma – også når han snakkar engelsk!

 

Juryen trur at barn er ekstra vare for kva som er ekte og kva som ikkje er det, og nettopp derfor når ”Øisteins blyant” fram til dei yngste. Og sjølv om hovudpoenget for Øistein Kristiansen ikkje er språk, men teikning, så bidrar han til å bygge ned fordommar mot østfolddialekta hos den viktigaste målgruppa når det gjeld å bygge haldningar for framtida, nemlig ungane.

 

Østfoldmålprisen 2012 har form av eit tresnitt av Onsøy-kunstaren Odd Skullerud. Presse og publikum er invitert til å vere med på ein enkel prisutdelingsseremoni på Greåker vidaregåande skole onsdag 7. november mellom kl. 18.00-19.00. Ved dette høvet vil også eit talentfullt band frå musikklinja ved skolen, ”Baskerland” spele.

   Eit ekstra poeng for pressa er det kanskje at den gongen Øistein Kristiansen sjølv gjekk på Greåker vidaregåande, så teikna han portrett av lærarane sine. Desse portretta heng framleis oppe på veggene på skolen.

 

For informasjon om dette, kontakt leiar i Østfold Mållag, Magne Aasbrenn, på tel. 97970065.

Kontakt med Øistein Kristiansen kan ein få via nr. 41541800.

 

Juryen for Østfoldmålprisen: Ragnhild Lier, Edvard  Mogstad,  Eldbjørg Skaug, Magne Aasbrenn

 

Nokre tidlegare prisvinnarar: Hans-Jørgen Olsen, Kalle Øby, Vivi Haug, Øyvind Bremer Karlsen, Einar Lundeby,  Harald  Zwart og Bjørn Nagell (for ”Lange, flate ballær”-filmane).