(Her ein kommentar-artikkel som er trykt i den siste årboka til Skjeberg Folkehøgskole:)

Nynorsk og andre trendar i tida

Vinteren 1997 er det åtte år sia Østfold fikk stifta mållaget sitt. Han som skriver dette, var ein av dei som var med frå førsten. Det har vori åtte år med "holke og oppoverbakke", som det blei spådd tidlig i prosessen, men rørsla er faktisk godt i live etter gründer-åra, ja, til og med i vekst. Østfold Mållag er nå ein paraplyorganisasjon med tre underordna lokallag i Fredrikstad, Sarpsborg og Indre Østfold. Til saman er medlemstalet ca. 80.
Mange vil klø seg i toppen og meine at moskéar er meir naturlig i Østfold enn mållag. Men den som har sett Østfold med mållags-auge ein såpass lang tidsperiode, ser stoda på ein annan måte. Da blir det slik at i dei 110 åra vi har hatt to offisielle skriftnormalar i Noreg, så har østfoldingen vori landets mest einsame dialektbrukar.
Om vi tenker oss Oslo Vest som maktsentrum for den dansk-norske tradisjonen i norsk skriftspråk, så har landsmåls-bastionen vori Vestlandet og det indre av Austlandet. Det tyder at dialekttalarar frå alle kantar av landet - unntatt Østfold - har hatt nynorsken "i ryggen" i gnissinga med Oslo-språket. Utan ryggdekning har østfoldingen stått der einsam og utsett med dialekten sin, og dermed har østfoldmålet blitt sett på som "rart" og "artig", eit revyspråk for fulle folk og dummingar.
Nynorsken er i alle fall hundre tusen mil unna østfold-dialekten, så der er det ikkje noe å hente.
Har folk trudd.
Eigentlig er det jo ikkje sånn. Salig Ivar Aasen samla ca 1000 ord frå Østfold. Dersom ein ser på bruken av den miskjente vokalen æ i Østfold-målet, så blir ein lydlig samanheng openbar. For eksempel får hankjønnssubstantiv - ær i fleirtal (båtær), mens hokønnssubstantiv får -er (jenter). Systemet er sinnrikt, presist og i tråd med nynorskbøyinga.
Ord som eg og ikkje er fremmende i ein østfoldings munn og tekstbehandlingsprogram, men bokmålet har former som burde være like fremmende på bakgrunn av uttalen i fylket, f.eks. hun, selv, kastet og hentet. Ho sjøl kasta og henta! Bare særs riksmålsbevisste østfoldingar seier "hun" "selv" "kastet" og "hentet", sjølv om 98% skriver desse orda i den danske versjonen.
Kvar og ein som har lesi dialektpensum i vidaregåande skole noenlunde nøye veit at østfolddialekten språklig sett ikkje er noe særtilfelle - ei samling talefeil - i fedrelandet, men bare ein av mange variantar av det same språket. Uttaleskilnaden som gjør at vi seier "ben" der resten av landet seier "bein" er der, men like fullt har vi tre kjønn i substantiv og bøying av svake og sterke verb som i andre norske målføre. Det som er viktigaste hindringa for nynorsk i Østfold, er at folk er vant til bokmål.
Å skrive bokmål er hevd for folk i Østfold, men bokmålsdominansen er også resultat av sensur og rå bruk av mediemakt. Østfolds største avis, Fredriksstad Blad forbyr bruk av nynorsk i lesarbrev som blir trykt i avisa (dersom da ikkje lesarbreva handlar om akkurat nynorsk). Dette trass i at det i formålsparagrafen til avisa står : "Samfunnsdebatten er avisens viktigste begrunnelse, og våre debattspalter står åpne for alle."
Like fullt, om dei er aldri så vant med bokmål, så strevar både Fredriksstad Blad og andre bokmålsskribentar med problema i dette skriftmålet som jo heilt objektivt er fornorska dansk. Du kan godt skrive sjøl i bokmål, men dei fleste vil kjenne det som litt vulgært i klangen. Jo danskare bokmålet er, jo "penare" er det - liksom. Broen er "penare" enn brua, sne er noe fint og lett, mens snø er klissete og vått. Har bokmålslesarane av denne teksten forresten ei fast norm for om dei skriver "døren" eller "døra"- den danske eller den norske varianten? Mi gjetting er at bokmålsskribenten vaklar. "Døren" er for sossete, mens "døra" er ikkje riktig "skriftlig" nok...
- Nynorsken er eit avkolonialiseringsprosjekt, har noen sagt, og det er faktisk sant.
På den andre sida har argumenta om at nynorsken er det mest norske språket ein litt farlig klang i dag, nå som vondsinna nasjonalisme blomstrar både her og der. Sånn sett er det beste argumentet for bokmålet som eg veit, nettopp det at bokmålet er dansk - altså at to land kan dele same skriftspråk. Men som ei motseiing til dette igjen: burde ikkje menneska totalt sett vere interessert i at kvar og ein kultur tar vare på sin eigenart? Vi vil vel heller ha franske franskmenn enn t.d. amerikaniserte franskmenn? Og altså nordmenn som nyttar det mest norske språket?
Løysinga i Internettets tid blir nok både ying og yang - samtidig. Alle blir doble, splitta mellom dei nære og dei fjerne tinga - det heilt globale og det heilt lokale blomstrar, dei gamle nasjonale hovudstadene mistar kraft. Spreiinga av engelsk som verdsspråk skjer samtidig med at verdien av det etniske, dei lokale karakteristika, blir tydeligare. Ingen stader ser ein dette klarare enn i utviklinga av moderne rock, som nå kallas World Music og kan innehalde samplingar av Mari Boine i Gouvdageaidnu og Kanda Bongo Man frå Zaire på eitt og same spor.
Det er i denne samanhengen - også - at nynorskblomstringa i Østfold kan bli forstått. Eg møtte ein tidligare elev av meg frå Lisleby på gata i Fredrikstad i fjor vår. Ho trilla ein unge i barnevogn, bar sjal og var blitt muslim.
Skreiv eg ikkje noe om moskéar?

M.Aa.