Stor nyheit:
Landsmøtet i Noregs Mållag 1998 blir arrangert i Fredrikstad!


Mållagsmedlemmene vil få lære litt av kvart om Fredrikstad i 1998.

På styremøtet måndag 27. januar i år vedtok Noregs Mållag å legge landsmøtet 1998 til Fredrikstad. Dette er ein målpolitisk sensasjon som legg eit stort ansvar på dialekt- og målrørsla i Østfold. Samtidig er det ein siger for målarbeidet som har blitt gjort i Østfold dei siste snaue ti åra.

Eit landsmøte i Noregs Mållag vil føre til at ca 4-500 tilreisande kjem til byen over ein periode på 4-5 dagar. Tradisjonelt blir landsmøta haldi den siste helga i juli, med start på torsdagen og avsluttande gudsteneste på søndagen. Landsmøtet i år blir haldi i Trondheim.

Landsmøta i Noregs Mållag er kulturelle storhendingar som ikkje berre fører med seg stor møteverksemd, men også andre arrangement. Arrangøren Fredrikstad Mållag vil gå inn for ein allsidig kulturkveld - helst haldi i finkulturens gamle høgborg Phønix Selskapslokale, og same stad vil det trulig bli nattsete. Ei eller fleire utflukter vil også bli arrangert, og ein av bokhandlane i byen vil bli utnemnt til landsmøtebokhandel.

Det vil også bli landsmøtegudsteneste med nynorsk liturgi i Fredrikstad Domkirke på den avsluttande søndagen. Landsmøta i Noregs mållag får i regelen mye medie-omtale og det vil bidra til at Fredrikstad og Østfold blir gjort betre kjent i andre delar av landet.

Førebuingane til landsmøtet har gått føre seg i det stille i ei tid. Turist-arrangøren Borg Destinasjon har vori i møte med representantar for Fredrikstad Mållag og Noregs Mållag sentralt, og har gjort ein god jobb i å gjøre reklame for byen. Landsmøtet vil bli haldi i Kongstenhallen og dei mange tilreisande vil bli innlosjerte på Hotell City og andre av byens hotell. Fordeling av oppgåver i samband med arrangementet blei diskutert på eit medlemsmøte i Fredrikstad Mållag 9. januar.

Leiinga i Fredrikstad Mållag håpar at så mange som mulig av medlemmer og sympatisørar kan vere med og gjøre eit krafttak desse dagane i juli neste år. Meir nytt om landsmøtet vil du kunne finne på desse internett-sidene etter kvart.