Norsk Målungdom har fått sin eigen organisasjon i Østfold

3. mars 1997 blei ein ungdomsorganisasjon for målarbeid i Østfold skipa. Dei to stiftarane er Sten Ånnerud frå Halden og Kjetil Aasen frå Fredrikstad.

Referat frå skipingsmøtet:

Til stades: Sten Ånnerud og Kjetil Aasen

Sak 1: Namn:
Namna Austfold Målungdom og Østfold Målungdom er jamstelte.

Sak 2: Val av mellombels styre:
Leiar og kasserar: Kjetil Aasen
Nestleiar: Sten Ånnerud

Sak 3: Val av utsending til landsmøtet i NMU:
Etter det me veit frå NMU kjem Austfold Målungdom til å vera registrert med sju medlemer, og me vil da hava éin røystefør utsending.
Kjetil Aasen er utsending med røysterett.

Kjetil Aasen har adresse Maltvn. 8, 1619 Fredrikstad. Tlf. 69 39 75 48.
E-post-adresse: joaasen@login.eunet.no