Østfoldmålprisen 1997 går til Hans Jørgen Olsen

På årsmøtet til Østfold Mållag i Matstova i Sarpsborg søndag 6. april fikk Hans Jørgen Olsen, medarbeidar i NRK Østfold Østfold Mållags pris for 1997. Olsen fikk prisen for måten han bevisst brukar dialekten på i programmet "Lett i øret" på radio. Juryen meiner han brukar språket på ein ledig og kontaktskapande måte og kan vere eit førebilete i radiojournalistikken i Østfold. Olsen treffer det ein kan kalle "Østfold-tonen" på ein god måte og er med på å gi Østfold-målet status som mediespråk

Den første gongen Østfold-prisen blei delt ut, var i 1996. Da gikk han til professor Einar Lundeby. Prisen Hans Jørgen Olsen fikk, er eit litografi med Gamlebyen-motiv av Egil Torin Næsheim.

Olsen takka for prisen og kommenterte at han ikkje trudde mållaget visste kva det utløyste med ein pris som denne. Han hadde ikkje opplevd makan til strøm av gratulasjonar som den han fikk etter at prisen blei kjent. Folk i Østfold er glade for å få vere stolte av dialekten sin, sa prisvinnaren.

På møtet fikk Per Thorvald Larsen god applaus for at han sa ja til attval som leiar av Østfold Mållag. Elles var det flott danseunderhaldning ved ein gjeng ungdommar frå BUL i Sarpsborg