"Noreg" på grenseskilta i Østfold

Norske grenseovergangar bør vere skilta både med "Norge" og "Noreg" meiner Kulturdepartementet. Noregs Mållag tok opp saka første gong for to år sia og meiner Vegdirektoratet trenerer saka. I følgje Arbeiderbladet har Mållaget nå fått medhald i dette ønsket frå Kulturdepartementet. Det har sendt eit brev til Samferdsledepartementet om saka. Når dei nye reglane blir realisert, vil vi altså få også det nynorske landsnamnet opp på Svinesund, Kornsjø, Magnor og andre stader.

Grenseovergangane fikk ny skilting i 1985-86. Kulturdepartementet reknar med at det er lite aktuelt å skifte ut desse skilta med det første. Derfor kan det ta si tid før østfoldingar kjører inn og ut av "Noreg".