Arbeidsheftet til boka "Østfoldmål" er nå klart

Østfold Mållag presenterer nå ei komplett læremiddelpakke i dialektkunnskap for skoleverket i Østfold. Etter at boka "Østfoldmål" av Einar Lundeby blei gitt ut, har laget samarbeidd med NRK Østfold og gitt ut tekstane på kassett. Nå er også arbeidhefte for grunnskolen klart. Forfattarane er begge røynde norsklærarar: Lisen Dahlstrøm og Eldbjørg Skaug.

Emne i heftet er dialektgrensene i Østfold, skiljet mellom sosiolektar og dialektar og oppgåver knytte til ordtilfanget i østfoldmålet. Lærarar får tilbod om kopigrunnlag for substantiv, verb- og pronomenbøyinga.

Heftet blir presentert på eit møte 24.09.1997, kl. 13.00-14.30, på Matstova i Sarpsborg