1ž Ģ Č # # # # # $

Ein av figurane vi kan sjå langs Oldtidsvegen.
Det vart sol frå blå himmel og ein fin dag ute i klår haustluft da laget arrangerte tur langs Oldtidsvegen. I alt 19 menneske i 6 bilar møtte opp ved Turistkontoret på austsida av Fredrikstadbrua kl. 11.00, og det var folk frå barnealder opp til grå hår (to var over 90 år!) frå Halden i aust til Moss i nord.
Med Arne Hovden som omvisar måtte dagen bli god. I tre timar førte han oss frå det eine historiske feltet til det det andre. Jammen har vi mykje interessant historie like utanfor dørstokkane her i Østfold!
Den første stoppen gjorde vi ved Hunn-feltet i Borge. I alt har dei funni 150 gravhaugar på dei tre underfelta. Haugfeltet har 57 gravhaugar som inneheld brente lik og gravgåver. Fire av den såkalla Austlandskjelen er funni her (med gravgåver). Tidsettinga er til romartida, 2-300 år e. Kr. Erling Johansen har gjort utgraving i feltet som går vidare på andre sida av riksveg 110. Vi fekk også sjå ein del av den gamle holvegen inn til Fredrikstad. På veg til feltet såg vi Ramneberget bygdeborg på avstand. Alt i alt har eit stort område vori gravlund, og det har budd folk her heilt tilbake til steinalderen. Det er funni spor etter arf (plog).
Neste stopp var også på Hunn-feltet, på det store ringfeltet som før vart kalla tingstad. Her er det 11 steinringar rundt gravene med 11 - 15 steinar i kvar ring. Denne staden er frå keltisk jernalder, og her er funni 44-46 graver.
Garden Skjeltorp i Skjeberg stod no for tur. Vi fekk sjå det eldste oldtidsminnet i Noreg, ei dysse (steingrav) frå om lag 3600 f. Kr., 1000 år før pyramidane. Noreg har berre denne dyssa, medan Danmark har om lag 7000 og Sverige nokre hundre. Grava er femkanta og har tak som er dekt med jord og gras. Inngangsdøra vender oftast mot aust eller sør (soltilbeding). Slike graver blir kalla megalittgraver, som tyder storsteinsgraver.
No kom turen til ei stor bronsealderrøys midt i eit område med graver. Røysa er om lag 3000 år gammal, er 30-32 meter i diameter og er 3 - 3,5 meter høg. Ho har ei hellekiste nesten på toppen, inne i grava.
Etter dette kom vi til to område med helleristningar frå bronsealderen, eitt ved Hornnes og to ved Solberg. Det første har 21 skip og ein mann, og alle skip seglar i same retning. I alt er det 25 - 30 gardar i Skjeberg som har helleristningar. Desse ligg oftast på fjellskråningar som vender mot aust. Den eine helleristninga ved Solberg har 57 bilete, mest båtar, men og vogner, dyr og menneske. Den andre har to figurar som ser ut som tre, truleg gran, og truleg figurar som skulle sikre grøderikdom. Her finst det ķg holgroper, båtar, ein mann som stuper i sjøen og solkors. I alt er det 15- 16 forskjellige motiv som blir brukte i norske helleristningar.
Om lag midt i turen, ved bronsealderrøysa, var det ķg tid til litt mat og drikk. Alle likte turen godt, ikkje minst Nils Flettre og Fred Solheim som i høg alder gjennomførte programmet på ein god måte. Arne Hovden fekk stor takk for engasjert og strålande innsats som omvisar.
Denne turen vil vi sikkert ha i minnet i lang tid framover.
Asbjørn Foss
Referent