Indre Østfold mållag arrangerte tur på Glomma

Båt-ekspedisjonen gjekk heilt inn i Lekumevja.


På grunn av straumen i elva kom vi ikkje nærmare enn som så til Valdisholm.


...og etter turen vart det folkedans på brygga.

Torsdag 21. mai 1998 (Kristi Himmelfartsdag) arrangerte Indre Østfold Mållag ein vellykka båttur med "bamsen" frå Skjørshammer brygge. Alle medlemmer av Østfold Mållag var inviterte, og ca 40 menneske var med på turen.

Vi oppdaga fort at vi var ute på ei tid da det var flaum i Glomma. Til vanleg ville skipparen ha tatt oss heilt opp til Valdisholmen, men det var berre å slå fast at det ikkje gjekk på grunn av den sterke straumen.

Ein fin del av turen tok oss heilt inn i enden av Lekumevja. Skikkeleg "Amazonas"-kjensle fekk vi her, der vi sigla inn over overhengande tre og skremde opp hegre og rovfugl (eller var den hauken ei kråke?)

Dei innfødde trefte vi også på. Dei sat og fiska med stong og var nok enno på jeger/samlar-stadiet.

Etter den fine båtturen baud BUL på musikk og dans på brygga, og det var høve til å grille og hyggje seg i fint, men litt kjølig ver.

MAa