Tre gode mållagsarrangement i november

November er tradisjonelt ein god månad for møteverksemd, og for mål-interesserte i Østfold slår dette verkeleg til i år. Både i Fredrikstad, Rakkestad og Sarpsborg inviterer lokale målkrefter tuil ulike arrangement.

Fredrikstad Mållag har Hulda Garborg-kveld fredag 6. november kl. 19.00. Staden er Phønix selskapslokale i Fredrikstad.

Den unge skodespelarinna Gunhild Kværness framfører det same programmet som ho hadde under Garborg-dagane på Tynset i sommar. Grunnlaget for framføringa er ei dramatisering av dagbøkene til Hulda Garborg, spesielt frå den tida ho og Arne Garborg budde på Kolbotnen ved Savalen i Nord-Østerdalen.

Som Hulda er Gunhild Kværness hedemarking, frå Rendalen. Ho har ein allsidig bakgrunn frå både teater og reiseliv, og dramatiseringa hennar fekk god omtale etter framføringa i sommar.

Laurdag 21. november held Østfold Mållag sitt "mot år 2000"-seminar i Rakkestad. Dette gir høve til å diskutere framgang for målrørsla i Østfold inn i neste millenium. Samtidig blir dette sosialt givande, og inkludert er også ei omvising på Lannem keramikk.

Tysdag 24. november kl. 19.00 er Matstova, Torget, Sarpsborg igjen staden for eit arrangement i mållagsregi, når Karl Anders Hovden (soneson av Anders Hovden) kåserer om boka"Vert ljos" med Hovden-salmar. I tillegg får dei som møter opp høre eit musikalsk program med songar og salmar av Anders Hovden. Dei som er med er: Maria Johansen, song, Nina Karlsen, song og Ingebjørg Sofie Larsen, horn/piano

Også: Bevertning. Boksal. Fri adgang.

Les meir om desse arrangementa under

Arrangement på Østfold Mållags sider.