Hulda Garborg-kveld med Fredrikstad Mållag

Godt over 20 personar fann vegen til Phønix i kveldsskodda denne fredagskvelden 6.11.1998, 64 år og ein dag etter at Hulda Garborg dødde.
Magne Aasbrenn ønskte vel møtt, også til ein del dansarar frå Råde Bygdeungdomslag som presenterte noko av det hovudpersonen for kvelden gjekk inn for. Dei avslutta med "Nordlandspols" og fekk velfortent applaus.
Etter ein god matpause med kaffi og vaflar, tok Magne Aasbrenn ordet og fortalde litt om Hulda Garborg og livet hennar. Ho kom frå Hamar til kristiania i 1875. Der tok ho seg arbeid hos Dobloug i Storgata og fekk grunnlaget for boka "Et fritt forhold" i naturalistisk tradisjon.
I 1887 vart ho gift med Arne Garborg, og dei slo seg ned i hytta hans ved Savalen. Hulda Garborg hadde fire prosjekt som ho arbeidde for: matstell - folkedans - bunad og folkedrakt - og teater. Ho vitja Fredrikstad i 1913 med Det Norske teatret.
Gunhild Kværness framførte eit program med monologar grunnlagt på dagbøkene til Hulda frå 1887 og 1888. Vi fek høyre om kvardagn og tankane til Hulda i det første halvåret etter at ho gifta seg. Alt gjekk føre seg i Østerdalen, der dei budde i nærleiken av Ivar Mortensson Egnund.
Vi hadde ei kjensle av å koma Hulda Garborg mykje nærare med denne innlevinga i dagbøkene hennar, og Gunhild Kværness fekk stor fagning for framføringa.
Ein verdefull kveld for oss alle.

Asbjørn Foss
Referent

Les meir om andre aktuelle mållagsarrangement under

Arrangement på Østfold Mållags sider.