Seminar om Østfold Mållag mot år 2000 og Anders Hovden-kveld i Sarpsborg

Fjorten ihuga deltakarar var med på Østfold Mållags "framtidsseminar" i Østfoldstua, Rakkestad laurdag 21.11.98.

Øyvind Bremer Karlsen innleia med ein del tankar rundt nynorsken og identitetsbygging i Østfold. Han sa blant anna at vi i Østfold meiner at vi bør ha ein eigen regional, nynorsk identitet.

Vi veit hossen bokmålet trugar nynorsken, det veit ikkje vestlendingane. Det er viktig for målrørsla i Østfold å ta kontakt med folk som samlar inn folklore og tradisjonsmaterale på dialekt. Vi må ta sikte på samarbeid med historielaga.

Etter ein liten pause sette Eldbjørg Skaug i gang ein idedugnad om lokalt målarbeid. Her er nokre av forslaga som kom fram:
- Kurs i nynorsk, lærarkurs
- Studiearbeid om Østfoldmålet
- Teaternemnd
- Kulturaktivitetar, også med bidrag av medlemmene.

Det kom opp mange interessante ting i debatten, og dei som ikkje var med på seminaret, kan berre angre!

Til slutt var temaet verving av nye medlemmer og det blei lagt mest mogleg konkrete planar for verving. Ein flott vervepremie for beste vervar i Østfold Mållag i 1999 kjøpte vi inn under den avsluttande omvisinga på Lannem Keramikk. Det er ein flott, blå "sagabolle" med tilnærma runeinnskrift. Meininga er at bollen skal delast ut på jubileumsmiddagen neste år.



Om lag 20 menneske hadde funne vegen til Sarpsborg Mållags bokkveld om Anders Hovdens salmar "Vert Ljos!" tysdag 24. november 1998. Arrangementet gjekk føre seg i Matstova på Torget i Sarpsborg

Vi fekk eit fint kåseri og presentasjon av den nye boka "Vert ljos" med Hovden-salmar ved Karl Anders Hovden (soneson av Anders Hovden). Den lokale tilknytinga til denne salmesamlinga er at dei er tonesette av Egil Hovland.

Etter foredrag og pause fekk vi ei vakker framføring av salmar og songar av Maria Johansen, song, Nina Karlsen, song, og Ingebjørg Sofie Larsen, horn/piano. Desse ungdomsskolejentene imponerte med musikaliteten sin og ein fint samstemt konsert med instrument ein sjeldan hører saman.

Enda eit givande arrangement i Matstova!