Fredriksstad Blad endrar lesarbrevpolitikken

Ei av dei siste avisene i Noreg som ikkje har teke inn lesarbrev på nynorsk, har no justert språkpolitikken sin. Fredriksstad Blad er den største avisa i Østfold, med eit opplag på om lag 22.000. Tidlegare i år har avisa to gonger omsett nynorske lesarbrev til riksmål utan å spørje lesarbrevforfattarane. Praksis har vore at berre lesarbrev som handla om språkpolitikk, kunne få stå på nynorsk. Denne politikken førte til ein protest frå landsmøtet i Noregs Mållag i sommar.

I eit julebrev til Fredrikstad Mållag slår no redaktør Erling Omvik fast at avisa vil ta inn lesarbrev på nynorsk i tida som kjem, "...fra lesere som mener at deres uttrykksform er nynorsk. Temaene behøver ikke være begrenset til å gjelde språkdebatt. Leserbrev på nynorsk vil bli underlagt de samme redigerings-kriteriene som andre leserbrev. Det betyr blant annet at vi prioriterer innlegg som omhandler lokale temaer."

Fredrikstad Mållag er glad for justeringa av språkpolitikken i Fredriksstad Blad, og vi er glade for at ei god avis viser ei demokratisk innstilling i spaltene, på same måte som f.eks. Aftenposten i den seinare tida har teke til med å gjere det.