Referat frå årsmøtet i Fredrikstad Mållag

Møtet blei haldi 2. mars. Årsmeldinga tok mellom anna for seg landsmøtet i Kongstenhallen der Fredrikstad Mållag var arrangør. Det låg mykje arbeid bak, men landsmøtet fekk ros frå mange kantar. Vel blåst! I 1998 vart det òg arrangert ein Hulda Garborg-kveld på Phønix i november.

Rekneskapen synte at det var forholdsvis store summar som kom inn og gjekk ut p.g.a. landsmøtet. Det vart til slutt eit lite overskott. Både årsmeldinga og rekneskapen vart godkjende.

Årsmøtet vedtok ei utsegn frå Benthe K. Jansson om arbeidet med rettskrivingsreform, der laget tar sterk avstand frå innstramming i normeringa. Vi vil oppfordre Språkrådet til å legge vekt på å få med austnorske former i rettskrivinga.

Val: Leiar Magne Aasbrenn. Styremedlemmer Marit Aasbrenn og Asbjørn Foss (frå før står Benthe K. Jansson og John Heien.) Varafolk til styret: Edvard Mogstad, Gunnhild Ullensvang og Per Thorvald Larsen.

Utsending til landsmøtet: Jostein Hansen

Etter sjølve årsmøtet gjekk praten medan kaffien og kakene fekk bein å gå på. Magne Aasbrenn fortalde om "Storbyseminaret" i Oslo der desse tre arbeidsområda vart framheva: Ideologiproduksjon, verdiformidling og premisslevering.

Vi fekk òg vite litt om planane for ein litteraturkveld i april.

Referent:
Asbjørn Foss