Østfoldmålprisen 1999 til Per Thorvald Larsen

Under 10-års jubileumsmiddagen til Østfold Mållag 13. mars blei Per Thorvald Larsen tildelt Østfoldmålprisen for 1999. Prisen fekk han for arbeidet han har gjort med å etablere målrørsla i Østfold etter åtti års dvaletilstand. Namnet hans har heile tida gått igjen i styre og stell i mållaget i fylket, og han har også mye av æra for at lagsøkonomien er så god som han er.

Sjølv blei prisvinnaren svært overraska da fylkesleiar Ragnhild Lier lanserte vinnaren, men dei ca 30 som var til stades var alle einige om at det var ein svært verdig vinnar.