Høgskolen i Østfold meld til Kulturdepartementet

I august har Kulturdepartementet fått brev frå Norsk språkråd om brot på mållova som Høgskolen i Østfold er ansvarleg for. Høgskolen i Østfold blir her behandla saman med ein del andre statsorgan som bryt mållova grovt, let vere å levere rapport om målbruken og ikkje følgjer opp pålegget om å etablere rutinar som sikrar at mållovsreglane blir følgde.

I 1997 presiserte Norsk språkråd at Høgskolen i Østfold er eit sentralt statsorgan og ikkje eit regionalt statsorgan, og dermed har plikt til å ha minst 25% nynorsk i rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. Høgskolen har ikkje gitt språkrådet noko svar på kva dei vil gjere med dette.

No ber Norsk språkråd Kulturdepartementet ta saka opp med Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet slik at KUF kan instruere Høgskolen i Østfold om å følgje mållova.