Elias Blix-kveld

Elias Blix.

Fredrikstad Mållag vil gjerne få invitere alle interesserte til ein kveld knytt til diktinga til Elias Blix. Dei som tek for seg denne forfattaren, er domprost Per Hovland og Liv Mevik Hovland.

Dei to har personleg samband med emnet i og med at Liv Mevik Hovlands familie kjem frå Gildeskål i Nordland, heimstaden til Blix. Framleis er Blix den salmediktaren som har flest salmar i Norsk Salmebok. Professor Berge Furre er ein av fleire som ofte har understreka innsatsen Blix gjorde for målreisinga for 100 år sia.

Programmet til ekteparet Hovland har fått mye skryt der det har vore framført tidlegare, så vi håpar at så mange av medlemmene våre som mogleg finn vegen ut i haustmørkret denne kvelden for å høre om mannen som blant mye anna dikta "No livnar det i lundar".

Arrangementet er i Fredrikstad Menighetssenter (v. brannstasjonen), Grøne sal, fredag 19. november kl. 19.00. Fri entre. Loddsal.

Vel møtt!