Bli med på studiesirkel om dialektar i Østfold!

Er du interessert i å lære meir om dialektar i Østfold?

Dersom det melder seg mange nok, er planen å få i gang ein studiering i arbeidsåret 1999-2000. Vilkåret er at det er minst fem deltakarar, og at studieringen går over minst tolv klokketimar.

Eg kunne tenkje meg ei samling for månaden. Sjølv veit eg lite om dialektane, men det skulle vera mogleg å finne folk som kan ta for seg både Fredrikstadmål og andre mål i vår eiga tid og tidlegare. Har du tankar om dette, vil eg gjerne høyre frå deg.

Med beste helsing Asbjørn Foss, Svanevn. 34, 1661 Rolvsøy. Tel. 69 33 65 91.