Referat frå Blix-kvelden i Fredrikstad Mållag

Elias Blix.

Fredrikstad Mållag bad inn til Elias Blix-kveld på Fredrikstad Menighetssenter fredag 19. november. Den kalde novembervinden hindra ikkje at nærmare 30 menneske fann vegen dit.

Det var domprost Per Hovland og Liv Mevik Hovland som tok for seg livet og verket til presten og salmediktaren frå Gildeskål i Nordland. Både Liv Mevik Hovland og tre-fire andre i forsamlinga hadde personlege band til Gildeskål.

På ein engasjerande måte skildra Per Hovland Elias Blix i oppvekst og vaksent liv: Gildeskål, seminaret i Tromsø, prestestudiet i Oslo, stipendieferder og arbeid som universitetslærar. Blix var svært interessert i språk og lærte fleire av dei, også språk som var uvanlege i landet vårt.

Elias Blix var kyrkjeminister i 1884-1888 og var mellom anna pådrivar for jamstellingsvedtaket (landsmål/riksmål) i 1885. I 1892 vart det tillate å trykkje Blix-salmar som tillegg til Landstads salmebok.

Vi var med på å presentere fleire av salmane i fulltonande allsong, m.a. "Himmelske Fader", "No livnar det i lundar" og fedrelandssalmen.

Liv Hovland las "Å, eg veit meg eit land, "Ein båt i stormen duva", "Jesus, du er den himmelveg" og andre av salmane til Blix på ein inderleg og kjenslevar måte.

Kjell Bjørdal song "Syng i stille morgonstunder" og "Med jesus vil eg fara", "Sæle jolekveld" og "No soli bakom blåe fjell" med tonefølgje av Dan-René Dahl slik at vi kjende oss løfta ut av kvardagen og inn i tankeverda til Elias Blix. Gjennom heile denne presentasjonen i ord og tonar fekk vi eit klart inntrykk av kor mangslungen Elias Blix var i salmane sine. Han gav uttrykk for kjærleik til landet og landsdelen, vonbrot og tru på Guds hjelp i vanskelege tider, Guds allmakt, Gud som openberrar i naturen og Gud som venn og hjelpar.

Leiar Magne Aasbrenn takka for alt vi fekk og gav blomar til Liv og Per Hovland, Kjell Bjørdal og Dan-Rene Dahl. Til slutt var det kaffi- og kringlestund der Magne Aasbrenn orienterte om Fredrikstad Mållag og arbeidet der. Og så: Takk for ein verdifull kveld!

Referent: Asbjørn Foss