Kommentar: Høgskolen og målloven

Etter å ha blitt purra på fleire gonger av Språkrådet og departementet må Høgskolen i Østfold finne seg i å produsere nynorsk skrift ein gong i blant. Nokre av dei tilsette kan nok føle at målloven inneber ei stort element av tvang. For oss i Østfold Mållag er det viktig å slå fast at studentane ved Høgskolen må ha ein reell rett til å velje målform fritt i det dei skriv. For nynorskskrivande innflyttarar eller østfoldingar som har skifta til nynorsk, blir den valfridomen lite reell når høgskolen i strid med lovverket gir dei 100% bokmål i brosjyre-materiell, katalogar og annonsar. Altså må dei tilsette i skolesystemet skrive nynorsk ein gong i blant fordi arbeidsgivaren deira, i siste instans det norske Stortinget, har bestemt det.

Studentane kan sjølvsagt velje sitt hovudmål fritt. Men dei som vel bokmål, må faktisk tole å sjå nynorsk ikkje berre på TV2-nyheitene og på femkroningane, men også i skriv frå høgskolen.

Såpass fleirkulturelle har vi tillit til at høgskolestudentane våre har blitt etter kvart at dei toler prov på at den andre norske kulturen også har rett til å eksistere i Østfold.

Magne Aasbrenn