Høgskolen i Østfold utviklar plan for målbruken

I eit brev frå Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet 13.10. i år fekk høgskolen i Østfold og fleire andre høgskolar ei klar påminning om å følgje målloven. Rapportane om bruk av nynorsk i skriftleg tilfang frå skolen viser at nynorskprosenten er 0, mens målloven seier at han skal vere minst 25%!

Østfold Mållag har i fleire år hatt møte og korrespondanse med høgskolen om dette forholdet. Viktigare er det at Norsk Språkråd og departementet endeleg har tatt fatt i saka, og no ser det ut til at det blir konkrete endringar

Onsdag 8. desember hadde Ragnhild Lier (leiar av Østfold Mållag) og Magne Aasbrenn (mållovsansvarleg i Østfold Mållag) eit møte på høgskoledirektørens kontor i Halden. Det var mållaget som hadde bedt om møtet, og høgskolen tok velvillig imot. Frå høgskolen var høgskoledirektør Wiktor Tvete og personalsjef Birgitta Næss med. Inntrykket målfolka sit igjen med etterpå, er at Høgskolen no tar fatt i dette. Det blir i desse dagar distribuert planar - i nynorsk språkdrakt - i skolesystemet. Skoledirektøren sa at om to år så kunne ikkje skolen stå fast på status quo når det gjeld målbruken.

- Det er resultata som tel, sa høgskoledirektøren også.

Referent: Magne Aasbrenn