Denne jula prekær englane Fredrikstad-dialekt

Ein av kjepphestane i arbeidet til Østfold Mållag har i alle år vore at vi vil heve statusen til den lokale dialekten. I ei bok som blei gitt ut i haust, har vi nådd målsetjinga og vel så det. Her prekær englane Fredrikstad-dialekt!

Det er i Anne Kristin Aasmundstveits andaktsbok “Pilegrimsprat” at dette skjer. Ho skriv om ein moderne pilegrim som kjem til jordet utafor Hauges Minde i Rolvsøy og får ein visjon, mye lik den Hans Nielsen Hauge fekk i si tid.

Pilegrimen får sjå eit avlangt hol i bakken, og opp av holet stig Hauge og tilhengjarane hans. Ein strålande engel presenterer desse som er vekte til liv på brei dialekt: “Der står ho Betsy fra Fredriksta', stammora te mange, stødig dame det, gett. Ho Lissie var fra Sasjborg. Ho mista ongane sine i sarpefossen og det greide ho ente å leve med. Der er han Hjalmar og stenhoggerane fra Opstad. Og han Eugen, han som tyskerane tok under krigen. Han Fredrik var fra Kråkerøy, mettodist, han, og der er han Kjell, lagersjefen. Er det broren sin han har med seg, tru? Og der står han døm kalte reserve-Jesus, som prekte i gågata hver lørda' formidda'. her står døm alle samma, indre missjon og misjonssambandet, pinsefolk og bapptistær, lutheranarane og døm frie nvennane. Like tjokka fullt som møteannonsane i Fredriksstad Blad.”

Slik talar engelen...

Meininga med dette er nok at forfattaren vil vise at målet ved nedre Glomma er like godt englespråk som noko anna, og episoden illustrerer også Hans Nielsen Hauges kontakt med jamne, vanlege folk.

Boka “Pilegrimsprat” er gitt ut av Luther forlag.

Forfattaren har neppe tenkt på Fredrikstad Mållag da ho skreiv dette, men vi tar det som eit teikn på at dialektsynet er i ferd med å endre seg “der ute”.