Stephen Walton med Aasen-foredrag i Donkejongården i Fredrikstad

Torsdag 26. september var ein av dei store Ivar Aasen-kjennarane, Stephen Walton, på besøk hos Fredrikstad Mållag. Walton er dosent i norsk ved University College i London, og i Ivar Aasen-året har han gitt ut ein biografi med tittelen "Ivar Aasens kropp".

Arrangementet blei haldi av fredrikstad Mållag og Norskseksjonen ved Frydenberg videregående skole, og det gikk føre seg i Dunkejongården i Gamlebyen. Frammøtet var godt, med ca 40 menneske til stades.

Walton presenterte biografien sin og gav grunnar for at boka ikkje følgjer vanlig tids-kronologi slik ein er van med å sjå det i biografiar. Blant anna snakka han om det økonomiske grunnlaget for Aasens arbeid og gjorde det klart at hadde ikkje Aasens "sponsorar" gått inn for målgransking, så kunne Aasen i staden ha blitt ein av landets største botanikarar.

Attåt foredraget blei det servert snittar, og songaren Terje Refsnes og pianisten Arne Hesjadalen framførte songar av Ivar Aasen.

Ennå er det vel for tidleg heilt å gravlegge Ivar Aasens tankar i Østfold.