Takk til Språkrådet for at dei ikkje glømte drømme og gjømme

Som medlem av det vesle, men veksande nynorskmiljøet i Østfold må eg få sende ei helsing og ein takk til Norsk Språkråd for at dei ikkje gjekk så hardt fram mot "vår" nynorsk som det kunne sjå ut ei stund. I framlegget frå fagnemnda var former som "glømme", "gjømme" og "drømme" tatt ut av rettskrivinga, det same gjaldt "hjerte" og "hennes".

Dei dagane som gjekk før eg sjekka på nettet kva som verkelig hadde skjedd på rådsmøtet, kjente eg meg snytt for viktige delar av "min" nynorsk. I fjor skreiv Fredrikstad Mållag til Språkrådet og bad for at ein ikkje skulle ta bort "austlandske" former. Når ein las innstillinga frå fagnemnda, kjentes det som ein slags ørefik og takk og farvel til dykk som er nynorskinteresserte på Sør-Austlandet. Heldigvis blei ikkje sluttresultatet slik. De fleste av formene våre får vera med ein runde til, blant anna alle dei eg har nemnt her. Vi i Østfold kan altså framleis få bruke dei som pedagogisk lokkemiddel for elevane våre i skolen.

At det nye språkrådvedtaket inneber at nynorskmalen er flytta noen mil "mot vest" er det likevel liten tvil om. For ein austlending som vil følgje dialekten når han skriv, blir det enda meir ei vandring i klammenes land. Der finn ein -i-perfektum partisipp og "ho" i objektsform etter det nye vedtaket.

Noen raritetar i rettskrivinga er rydda bort, sånn som -er presens på sterke verb med vokalskifting, med resultat som "kjemer". Det same gjeld "annen" og "hossen" (tatt ut for å gi plass til "åssen" ein gong ut på 2000-talet?). Dette gjør det på sett og vis lettare å setta opp ein generell navigasjonsregel i form-mylderet. Som austlending skriv ein dei nynorskformene i heile rettskrivinga som ligg nærmast opp til dialekten. Greitt nok. Men nå vil vi ha ro i rettskrivinga.

Magne Aasbrenn,
Fredrikstad

Lenke til Norsk språkråd