Årsmøte i Fredrikstad Mållag

Fredrikstad Mållag hadde årsmøte 14. mars. Årsmeldinga og rekneskapen vart godkjende. Laget har no 51 medlemmer.

Val:
Leiar: Per Thorvald Larsen
Styremedlemmer: Benthe K. Jansson og John Heien (frå før står Marit Aasbrenn og Asbjørn Foss)
Varafolk til styret: Gunnhild Ullensvang og Edvard Mogstad
Revisor: Arne Hovden
Utsending til landsmøtet i Bergen: Benthe K. Jansson
Varafolk: Gunhild Ullensvang, John Heien, Magne Aasbrenn, Marit Aasbrenn og Edvard Mogstad. Utsendingar til årsmøtet i Østfold Mållag: Magne Aasbrenn, Gunnhild Ullensvang, John Heien, Marit Aasbrenn og Edvard Mogstad Varafolk: Kjetil Aasen, Arne Hovden, Knut Andersen, Dag Eilertsen og Jan Andrew Nilsen Valnemnd: Arne Hovden, Asbjørn Foss og Magne Aasbrenn

Leiaren takka styret for samarbeidet og alle gode krefter for god innsats før og under landsmøtet i 1998. Per Thorvald Larsen og Benthe K. Jansson takka Magne Aasbrenn for godt arbeid og gav han ei blomsterhelsing. Per Thorvald Larsen takka for tilliten frå årsmøtet. I kaffistunda etter sjølve årsmøtet fortalte Jan Andrew Nilsen om oppvekst og målmobbing. Faren hans var venstremann, folkehøgskolemann og losjemann. "Valhalla" var ein viktig del av oppveksten som vi fekk vite meir om. Vi må ta vare på skriftspråket, elles blir nynorsk eit intellektuelt finspråk. Magne Aasbrenn takka han for eit artig kåseri.

Ref: Asbjørn Foss