Greitt årsmøte i Østfold Mållag

Østfold Mållag hadde årsmøte i Matstova i Sarpsborg søndag 2. april 2000. Det blei eit greitt møte der to veteranar blei takka for lang og tru teneste i styret for Østfold Mållag. Både Eldbjørg Skaug og Per Thorvald Larsen gjekk ut av styret etter å ha sete der i 11 år - det vil seie heilt frå stiftinga av laget. Dei som erstatta dei, var Øyvind Bremer Karlsen og Magne Aasbrenn. Ragnhild Lier held fram som leiar for laget.

Kjetil Aasen hadde sendt eit framlegg til årsmøtet om at vi prinsipielt bør stø likestilling av tradisjonelt i- mål i læreboknormalen. Dette framlegget førte til ein god del debatt, og røysteresultatet blei temmeleg jamnt. Forslaget fall med 5 mot 6 røyster.

I kaffipausen fekk delegatane høre om eit par framsteg i lagsarbeidet. Der ser ut til at Halden Mållag kan bli stifta i løpet av månaden, og desutan har Høgskolen i Østfold nå vedtatt ein plan for målbruken som faktisk vil føre til store endringar viss han blir gjennomført.

Årsmøtet blei besøkt av utflytta sarping Gunnar Ottne, som gav oss ei helsing og gode ord frå styret i Noregs Mållag sentralt.