Høgskolen i Østfold har ein plan om mye meir bruk av nynorsk ved skolen

Etter lang førebuing har høgskoledirektøren i Østfold nå sendt ut ein plan om bruk av nynorsk ved skolen. Dermed tar Høgskolen endeleg veldig mange påminningar frå Norsk språkråd alvorleg.

Frå planen siterer vi at minst 25 % av rundskriv skal utformast på nynorsk. Det same gjeld stillingsannonsar.Krava i mållova skal også oppfyllast i brosjyrar som blir utarbeidde av skolen.

Når det gjeld fagplanar seier Høgskolen at dette er eit stort løft som det ikkje går å realisere på kort sikt. Studiedirektøren har ansvar for å lage ei utgreiing om denne saka.

Den første nynorske annonsen frå Høgskolen i Østfold stod på prent i Norsk Lysingsblad 1. mars i år.