Halden Mållag kan bli stifta torsdag 13.april

Nå er gode krefter i gang for å få stifta eit Halden Mållag denne våren. Ein som har sett saker og ting i sving for å få til dette, er Jan Andrew Nilsen. Nilsen har vakse opp i Fredrikstad og har ei fortid bl.a. som rektor og avismann på Vestlandet. Han har nyleg flytta til Halden.

Frå før er det ein handfull mållagsmedlemmer i Halden, og håpet er at desse og nokre til kan stable eit lag på beina. Halden er ingen nynorskbastion (for å seie det mildt), men historisk sett var faktisk Idd mållag eit av dei første i landet.

Alle som har høve - også medlemmer i dei andre lokallaga i Østfold - bør støtte opp om dette tiltaket.

Stiftingsmøtet går føre seg i Aktivitetshuset, Violgata 14 (vis-a-vis BOB-huset) torsdag 13. april klokka 18.30. Det har skjedd mange historiske hendingar i Halden, og dette kan vere ein av dei.