"Haldenmållaget" stifta torsdag 13.april

Under møtet 13. april blei Haldenmållaget stifta. Til nå er det ikkje nok mållagsmedlemmer i Halden til å fylle Noregs Mållags krav om 10 medlemmer, men leiaren for tiltaket, Jan Andrew Nilsen, håpar at det ikkje skal ta så lang tid før eit nytt lag er i gjenge. Ein av medlemmene i Haldenmållaget, Alfred Lie, har skrive ein artikkel om laget på nynorsk i internavisa til Høgskolen på Remmen, så får ein sjå korleis responsen blir på den.

Formelt er Haldenmållaget framleis eit underbruk av Fredrikstad Mållag.