Enda ei nynorsk gudsteneste i Fredrikstad Domkyrkje

- I dag vil eg vere heilt meg sjølv! sa domprost Per Hovland og heldt for andre gong gudstenesta i Fredrikstad Domkyrkje på nynorsk søndag 4. juni.

Den første gongen det blei halde nynorsk gudsteneste i Fredrikstad Domkyrkje var under Noregs Mållags landsmøte i Fredrikstad sommaren 1998.Hovland var ansvarleg også den gongen, og etterpå fekk han god respons på gudstenesta på "målet", også frå vanlege Fredrikstad-kyrkjegjengarar.

Den 1. juli går Per Hovland av med pensjon.