Tur til Arne og Hulda Garborgs heim

 

Arne og Hulda på Labråten ca. 1900. Foto: Asker Museum.

Fredrikstad Mållag hadde tur til Arne og Hulda Garborgs heim i Asker søndag 4. juni.

Strålande sol la ei fin ramme rundt utferda, og ein flokk frå laget tok turen i privatbilar. Det var et fin og lærerik dag. Hans Eivind Garborg, soneson til diktarparet, var omvisar og fortalde om eigedommen Labråten som Hulda og Arne Garborg budde i frå 1897 og livet ut. Hulda heilt til 1934.

Tidlegare hadde dei budd på Kolbotn i Østerdalen og vore mykje på reiser i utlandet. Her i Asker kunne dei slå seg til ro og få fred til å skrive.

I nærleiken budde òg Johan Bojer, Tilla og Otto Valstad, Dyre Vaa, Nils Kjær, Rasmus Løland og Ivar Mortenssom Egnund som Garborgfolket hadde ein del omgang med. Elles var det Hulda som var den mest sosiale av dei to. Når ho hadde venninner på besøk, hende det at Arne kom ned frå arbeidsrommet for å helse på gjestene, men snart måtte han opp att for å skrive.

Huset var påbygd i 1915 for å skaffe meir rom til spisestova og arbeidsrommet. Hulda og Arne fekk kvart sitt rom slik at dei ikkje skulle uroe kvarandre når dei skreiv.

Både i 1. og 2. etasje er det målarstykke og teikningar av Hulda Garborg, Harriet Backer, Kitty Kielland, Otto Valstad, Gustav Wentzel og Marie Hauge. Romma er lyse og trivelege. Dei har etasjeomnar, kubbestolar, veggklokker og bøker langs veggene.

Arbeidsrommet til Arne Garborg tente og som soverom for han. Her hadde han skrivebord og skatoll, bøker, ein gammal lærkoffert og ei fele med kasse. Garborg skal ha vori ein god spelemann.

Hulda sitt rom har glasveranda mot Valstadhusa. Heimen deira vart ein samlingsstad for mange leiande menneske, og Hulda var eit midtpunkt i det sosiale livet i "Kunstnardalen".

Per Thorvald Larsen takka Hans Eivind Garborg for ei god omvising frå ein som stod Hulda og Arne Garborg nært. Vi fekk alle meir kunnskap om og innsyn i livet til to av dei største kulturmenneska i landet vårt rundt førre hundreårsskiftet. Turen var vellykka og gav meirsmak på liknande utferder.

Asbjørn Foss, referent