Referat frå årsmøtet i Østfold Mållag 2001

Referat frå årsmøtet i Østfold mållag 25. mars 2001 - Matstova i Sarpsborg

1. Leiaren opna møtet og ønskte velkommen.
2. Innkallinga blei godkjent.
3. Saklista blei godkjent.
4. Magne Aasbrenn blei valt til møteleiar.
5. Benthe K. Jansson blei valt til referent.
6. Arne Hovden og John Heien blei valt til å skrive under møteboka.
7. Årsmeldinga blei delt ut, og leiaren las ho opp. Årsmeldinga blei godkjent.
8. Kasseraren, Berit Krogh, la fram rekneskapen. Rekneskapen blei godkjent.
9. Styret i Østfold Mållag kom med framlegg om auka medlemspengar med 20 kroner. Den sentrale kontingenten blir frå 2002 auka med 50 kroner, og det blei diskutert om den totale kontingenten ville bli for stor. Vedtak: Med 7 mot 2 stemmer blei det vedtatt 20 kroner i fylkeskontingent.
10 - 15 leiaren i valnemnda, Benthe K. Jansson la fram forslaget frå valnemnda. Forslaget blei vedtatt med følgjande endringar:
1)Ragnhild Lier og Øyvind Bremer Karlsen er valt til landsmøtedelegatar, men årsmøtet gir styret i Østfold Mållag fullmakt til å bestemme om laget skal sende ein eller to delegatar til landsmøtet. Magne Aasbrenn blei vald til kasserar.
2) Lista over varafolk til landsmøtet blei supplert med marit Aasbrenn og Benthe K. Jansson
16. Årsmøtet gjorde framlegg om attval av valnemnda. Dette blei vedtatt.

Etter at den formelle delen av møtet var over, formidla Arne Hovden helsing til årsmøtet frå Asbjørn Foss.

Til slutt takka leiar Ragnhild Lier Berit Krogh for den kjempeinnsatsen ho har gjort som kasserar i Østfold Mållag, og overrekte gåve og blomstrar. Leiaren takka òg Asbjørn Foss for innsatsen i styret, og spesielt for arbeidet med "Fram for målet", tiårsskriftet til Østfold Mållag.

Referat skrive av Benthe Kolberg Jansson