Tur til oldtidsminne i Østfold og Bohuslän

 

Arne Hovden og Mållagsfolket let seg ikkje stogge av surt ver på toppen av Jellhaug.

Ein ivrig og interessert flokk frå Fredrikstad Mållag drog på dagstur til Bohuslän 20. mai. Vi var så heldige å få Arne Hovden som vegvisar, og dette vervet greidde han på ein god måte med ein personleg og humørfylt stil.

Vi kom først til Jellhaugen i Skjeberg. Haugen ligg ved E6 og er 14 meter høg og 90 meter i tverrmål. Det er den nest største haugen i sitt slag i Norden. Han vart først oppdaga på 1800-talet og så oppdaga på nytt på 1900-talet. Da dei grov han ut i 1968, fann dei lite p.g.a. plyndring for lenge sidan. Diverre har Østfold fylke gjort lite for å gjera haugen kjent og for å gjera det lett å koma dit. Om lag 6 kilometer aust for Strømstad fann vi det neste målet vårt: Blomsholm herregard med skipssetting, haugar, domarring og pløyespor frå vikingtida. Skipssettinga er samansett av loddrette steinar, forma som eit skip med framstamn og akterstamn. "Stenskeppet" er 42 meter langt og 8 meter breitt og er bygd opp av 49 steinar. Det er frå vikingtida. Vi gjekk forbi ei mølle og ein bautastein og kom til den største "domarringen" i Sverige. Det er eigentleg ein gravplass som har 10 steinar i ring og ein i midten. Etter alt dette smakte det godt med "medbrakt" mat og drikke. Ved Massleberg kom vi til ei såkalla gånggrift eller jettestue. Det er ei megalittgrav med store steinar som lagar ei hole til dei døde. Grava er tenkt til fleire enn ein person, og dei fylte på med jord etter gravleggjinga. Grava er laga om lag år 3000 f.kr. Denne grava er den nordlegaste av dei 300 som finst i Sverige. På ein god skogsbilveg kom vi først til Lommelands begravningsplats som ligg med godt utsyn over terrenget. Deretter kom vi til ei hellekiste med hol i gavlen. Slike hellekister var i bruk frå 2400 til 1500 f.Kr. Det er den nordlegaste i Sverige, og det finst ikkje slike i Norge eller Danmark.

Magne Aasbrenn gav Arne Hovden ei bok som takk for omvisinga. Alle var einige om at det hadde vori ein god tur, og vi tålte godt dei regndropane som kom.

Asbjørn Foss, referent

 

Med vanleg Østfoldsk finkjensle for kultur var denne bygningen plassert midt framfor Jellhaug.

 

Steinsettinga ved Blomsholm.