Kongens fortenestemedalje i sølv til Asbjørn Foss

- Under eit arrangement i Fredrikstad onsdag 17. oktober fekk Asbjørn Foss tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv. Utdelar var ordførar Ole Haabeth. Asbjørn har i ei årrekke vore skrivar både i Østfold og Fredrikstad Mållag.

Overrekkinga skjedde på Hotell Victoria og fleire krefter innan både undervisning og samfunnsliv var til stades under arrangementet.

Foss mottok rosande ord av mange nøkkelpersonar denne kvelden, blant anna frå Øivind Hasselgård som tidlegare var rektoren hans ved St. Olav vidaregåande skole. Han fekk også stor fagnad frå leiaren av Østfold Mållag, Ragnhild Lier og Per Thorvald Larsen på vegner av Fredrikstad Mållag