Årsmelding for Østfold Mållag i år 2001

(vedtatt av årsmøtet 10.03.2002)

Etter årsmøtet på Matstova 25. mars 2001 var desse med i styret: Ragnhild Lier (leiar), Øyvind Bremer Karlsen (nestleiar og studieleiar), Tormod Ropeid (skrivar), Magne Aasbrenn (kasserar), Jan Andrew Nilsen. Varafolk: Ragnhild Løken, Arnstein Hjelde. Til andre oppgåver vart desse valde: Revisor: Arne Hovden Valnemnd: Lisen Dahlstrøm, Odd Jan Skriubakken, Benthe K. Jansson

Utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag: Årsmøtet valde Ragnhild Lier og Øyvind Bremer Karlsen, med Marity Aasbrenn og Benthe K. Jansson til varafolk. Seinare vedtok styret med fullmakt frå årsmøtet at bare Ragnhild Lier skulle reise.

Kontingent: Årsmøtet vedtok å ha 20 kroner i fylkeskontingent oppå kontingenten til Noregs Mållag.

Medlemsbladet Østfoldmål har hatt eitt nummer, i desember 2001 ved Ragnhild Lier og Magne Aasbrenn

Styret har hatt fire møte, bl.a. 7. april debatt om framtida og organiseringa av målrørsla i Østfold

Studiesirkelen om målarbeid i Østfold har hatt tre møte i 2001. 18. april Ragnhild Løken om Arnt bergby og Bondeungdomslaget i Sarpsborg, 25. september Asbjørn Foss om Dr. Lyche og Mållaget "Heimatt" i fredrikstad og 6. november Tormod Ropeid om målrørsla i Indre Østfold.

Østfoldmålprisen er ikkje delt ut i år.

17. oktober fekk Asbjørn Foss Kongens fortenestemedalje for innsatsen han har gjort i kulturelt og kyrkjeleg arbeid, mellom anna i mållaget. Han vart òg heidra med ei tilstelling på Victoria Hotell i Fredrikstad.

Styret har sett inn annonse i Dag og Tid og prøvd å selja resten av bøkene som laget har på lager. Årsaka er at økonomien ikkje er så god lenger. Derfor har styret òg drøfta aktivitetsnivået i fylkeslaget for å finne ut korleis vi kan halde utgiftene nede, men likevel drive i mange, mange år ennå.

I 2001 hadde vi 85 betalande medlemmer i laget, det står i alt 101 namn på medlemslistene våre.