Fredrikstad Mållag

hadde årsmøte 14. februar 2002.

Leiar John Heien ønskte vel møtt. Som møteleiar vart vald Magne Aasbrenn og som referent Asbjørn Foss.

Årsmeldinga vart godkjend med eit par merknader. I 2001 var det fem styremøte, årsmøte og fire møte med jamt over 20 til stades. Emne for møta har vore "Draumen om Noreg" (Richard Burgess), Island, Per Sivle og "Kunst og livsstil" (Egil Torin Næsheim).

Vi hadde vårtur til Bohuslen med Arne Hovden som vegvisar. Gunnhild Ullensvang representerte laget på landsmøtet i Bryne.

Rekneskapen vart også godkjend. Vi har ein stram, men brukbar økonomi.

Vedtektene vart reviderte på grunn av at landsmøtet no er flytta til slutten av april.

Vala fekk dette resultatet: Leiar John Heien, styremedlemmer Per Thorvald Larsen og Gunnhild Ullensvang. Frå før står Marit Aasbrenn og Asbjørn Foss. Vara til styret: Arne Hovden, Edvard Mogstad og Benthe K. Jansson. Revisor Arne Hovden, vararevisor Magne Aasbrenn. Leiar for valnemnda Asbjørn Foss. medlemmer av valnemnda: Arne Hovden og Magne Aasbrenn. Utsending til landsmøtet i Oslo: John Heien. Vara: per Thv. Larsen.

John Heien takka for tilliten ved valet og håpa på eit fint år. Han takka og Magne Aasbrenn for møteleiinga.

Etter sjølve årsmøtet vanka det kaffi og kaker. Asbjørn Foss las og kåserte om Olav Duun.

Asbjørn Foss

referent

referent