Tilbake til hovudsida                                                                                Tilbake til nyheitssida

Referat frå årsmøtet i Østfold Mållag 2002

Møtet blei halde søndag 10. februar i Matstova i Sarpsborg.

Ragnhild Lier ønskte velkommen til dei vel 10 medlemmene som hadde møtt fram, og sa at styret i Noregs Mållag ville vera representert ved Steinulf Tungesvik. Han hadde blitt forseinka, men kom litt seinare.

Utsendingar, innkalling og framlegg til saksliste blei godkjent. Odd Jan Skriubakken blei valt til møteleiar, og Benthe K. Jansson blei valt til referent. John Heien og Per Thorvald Larsen blei valt til å underskrive møteboka.

Ragnhild Lier la fram årsmeldinga. Østfold Mållag har nå 85 betalande medlemmer, det er ein nedgang på 9 frå i fjor. Årsmeldinga blei godkjent etter at det var gjort enkelte endringar.

Magne Aasbrenn la fram revidert rekneskap, som blei godkjent. Laget har dette året hatt svært små inntekter, og vi tærer nå på kapitalen frå salet av Østfoldmål. Det blei peika på at boka framleis har salspotensiale, men at vi elles bør legge vekt på å halde utgiftene nede det kommande året.

Deretter la valnemnda v/Benthe K. Jansson fram forslag til nye styremdlemmer og andre verv.

Desse blei valt:

Fylkesleiar for 1 år: Magne Aasbrenn

To fylkesstyremedlemmer for 2 år: Ragnhild Lier og Arne Hovden

Fire varafolk for 1 år: Arnstein Hjelde, Eldbjørg Skaug, Ragnhild Løken, Odd Jan Skriubakken

Revisor for 1 år: Benthe K. Jansson

Vararevisor for 1 år: Arne Hovden

På grunn av den økonomiske situasjonon i laget, og fordi ingen hadde sagt seg villig til å reise på landsmøtet i Noregs Mållag 2002, la valnemnda fram forslag om at årsmøtet skulle gi styret fullmakt til å peike ut eventuelle utsendingar og varafolk til landsmøtet. Dette punktet blei det debatt om. Det blei sagt at landsmøtedelegatar skulle veljas på årsmøtet.

Øyvind Bremer Karlsen gjorde framlegg om at årsmøtet, på runn av den dårlige økonomien, skulle velje bare ein delegat til landsmøtet. Magne Aasbrenn foreslo at det skulle lagas ei prioritert liste, der heile styret med leiaren i spissen blei sett opp. Per Thorvald Larsen foreslo at Østfold Mållag skulle sende to delegatar til landsmøtet. Årsmøtet måtte først ta stilling til kor mange delegatar Østfold Mållag skulle sende til landsmøtet, som dette året er i Oslo.

Framlegga frå Øyvind Bremer Karlsen og Per Thorvald Larsen blei sett opp mot kvarandre. Årsmøtet vedtok med 6 mot 4 stemmer at Østfold Mållag skal sende to delegatar til landsmøtet.

Magne Aasbrenn, Eldbjørg Skaug og Øyvind Bremer Karlsen blei foreslått som landsmøtedelegatar. Etter skriftlig avstemming fikk Magne Aasbrenn 10 stemmer, Eldbjørg Skaug 9 stemmer og Øyvind Bremer Karlsen 7 stemmer. Magne og Eldbjørg skal dermed representere Østfold Mållag på landsmøtet til Noregs Mållag.

Årsmøtet vedtok at resten av styret pluss varamedlemmene skal vera varautsendingar til landsmøtet.

Valnemnda blei attvalt: Benthe K. Jansson, Lisen Dahlstrøm og Odd Jan Skriubakken.

Etter at den formelle delen av møtet var over, orienterte Steinulf Tungesvik om aktuelle saker frå landsstyret. Han understreka at dei enkelte laga er kjernen i Noregs Mållag. Han minte om at det for 150 år sia var ein mann som skreiv landsmål (nynorsk), mens det i dag er om lag 600 000! Vidare fortalte han om "Målreising 2005" og elles noen av dei prioriterte sakene i Noregs Mållag.

Etter pausen med kaffi og kaker fikk Ragnhild Lier takkeord og blomstrar av den nye leiaren, Magne Aasbrenn, og Magne fikk leiarklubba av Ragnhild. Ragnhild Lier overrekte òg blomstrar til styremedlemmene som nå gikk av, og takka dei for innsatsen. Ragnhild Løken fikk òg takk, spesielt for den rolla ho speler som kontaktperson til BUL og Matstova i Sarpsborg.

Til slutt orienterte Øyvind Bremer Karlsen kort frå det siste landsrådsmøtet.