Tilbake til hovudsida                                                                                Tilbake til nyheitssida

Østfold Mållag har to framlegg til landsmøtet i Noregs Mållag

Det nye styret i Østfold Mållag har komme med to framlegg til landsmøtet i Noregs Mållag i Oslo 26. - 28. april.
Ivar Aasen skapte nynorsken like ved landsmøtestaden.

Det eine går ut på at vi synest arrangementet bør markere kor nær møteplassen er nynorsken sin "fødestad". Det andre går ut på at vi vil ha Noregs Mållag til å gjere framlegg om Anders Hovden-frimerke i 2010.

Styret i Østfold Mållag gjer dette framlegget til vedtak på Landsmøtet i Noregs Mållag 2002:

Noregs Mållag bed Posten Norge BA markere 150-årsdagen for diktarpresten og skalden Anders Hovdens fødsel 13. april 1860 med å gi ut eit minnefrimerke i året 2010.

Etter det vi har fått vita, er det rett å vera ute i så god tid dersom ein skal ha innverknad på utgivingsprogrammet til Posten.

Styret i Østfold Mållag har også merkt seg at Noregs Mållag held landsmøtet 2002 bare noen kvartal frå Teatergata, der Ivar Aasen budde og arbeidde, der grammatikkane, ordbøkene og diktverka hans vart til. Men i programmet saknar vi ei offisiell markering på det som kan kallast sjølve fødestaden til det attreiste norske skriftmålet. Vi oppmodar arrangøren om å legge inn ei slik markering, både for skuld saka sjølv og for den mediemerksemda det kan gi.