Tilbake til hovudsida                                                                                Tilbake til nyheitssida

Representantar frå Østfold Mållag på landsmøtet i Noregs Mållag i Oslo 25.-28. april 2002

Her er Østfold-benken samla: f.v. Øyvind Bremer Karlsen, Magne Aasbrenn, Eldbjørg Skaug, John Heien.

Delegatane frå Østfold var godt fornøgde etter landsmøtet i Noregs Mållag i lokala til BUL Oslo i slutten av april. Den viktigaste saka på møtet gjaldt normering, og årsmøtet gikk til slutt nesten samrøystes inn for ein romslig politikk på dette feltet, med tilråding om at Norsk språkråd held fast ved systemet med valfride sideformer. I debatten var det eit interessant samband mellom Trønder-nynorskingar og Østfold-nynorskingar på dette feltet.

Østfold Mållag gjorde framlegg om eit Anders Hovden-frimerke i 2010, og dette fikk einstemmig støtte frå landsmøtet, med eit tillegg om at teksta på frimerket må vere "Noreg" (vi hadde ikkje tenkt oss noe anna).