Tilbake til hovudsida                                                                                Tilbake til nyheitssida

Ein framifrå russebilreklame

Dette er eit sjeldant syn på russebilar i Østfold..

Russetida er på hell nå, og kandidatane skal skrive stil på hovudmålet og sidemålet i staden. Likevel synest vi ikkje det er for seint å gjøre medlemmene i Østfold Mållag merksame på at ein barriere er broten når det gjeld russebilreklame. På grunn av eit privat bidrag har laget fått ei folkeleg markering rett over høgre bakdekk på denne bilen tilhørande Frederik II-russen i Fredrikstad.